Logopedtilbod for transpersoner med stemmedysfori
Regionalt senter for kjønnsinkongruens vest, ønskjer å formidla informasjon om tenester, hjelpemiddel og artiklar som er viktige for god helse for transpersonar. I denne saka skriv seniorrådgiver og logoped i Statped, Britt Bøyesen, om logepeditilbodet som finst for menneske med kjønnsinkongruens. Vi har også laga ei oversikt over logopedar i Helse Vest, som jobbar med menneske med kjønnsinkongruens. Lista er ikkje utfyllande, og me tek gjerne imot tips om andre med denne kompetansen. God lesing!

Foto: Monica Blanco
Skrevet av Britt Bøyesen, Logoped og seniorrådgivar.
Kontakt: E-post: britt.boyesen@statped.no, Mobil: +47 476 87 768
Om stemma og dens betydning
Stemma er ein del av personlegdommen og identiteten vår. Me kjenner til dømes igjen personar på stemma og stemma speglar korleis me har det gjennom stemmekvalitet, resonans og tonefall. Stemma har også ein sentral plass i oppfatninga av kjønn.
Tilvising til logoped
Ein logoped greier ut og arbeider med menneske som har ulike former for kommunikasjonsvanskar. Det kan dreia seg om stemmevanskar, språk- og talevanskar, taleflytvanskar (stamming og/eller løpsk tale) og svelgjevanskar. Ein logoped kan hjelpa personar med stemmedysfori som treng maskulinisering/ feminisering av stemma. Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) kan og kontaktast ved behov for oppfølging. Dersom logopedisk oppfølging skal vera under refusjon frå HELFO, er tilvising frå lege nødvendig. Det er også nødvendig at logopeden som følgjer opp, har kompetanse og erfaring innan stemmevanskar og stemmemodifisering. (Tillegg fra RSKI: Diagnosen; kjønnsinkongruens er nødvendig)
Kva skjer hos logopeden?
Måla, behova og ønska som den tilviste personen har, er utgangspunktet for eit utforskande og reflekterande samarbeid med logopeden. Rettleiinga som blir gitt, er hjelp til sjølvhjelp gjennom ulike fasar. Personen lærer om stemma si ved å bruka ulike teknikkar og øvingar, og å lytta til eiga stemme. Logopeden finn saman med personen, fram til endringar i stemmen som blir opplevd i samsvar med identiteten og sjølvrepresentasjonen til personen. Eit viktig mål er at den modifiserte stemma skal overførast til spontan tale og ulike sosiale situasjonar. Personen øver først i trygge omgivnader, deretter med generalisering til ulike sosiale samanhengar. Dette blir gjort med forsvarleg oppfølging frå logoped.
Oppfølginga hos logoped tek for mange sikte på å redusera sosial- og stemmerelatert dysfori gjennom bevisstgjering, meistring, sjølvtillit og tryggleik. Fokusområda er resonans, stemmeleie, volum, artikulasjon, stemmekvalitet og tonefall/betoning. Samanhengen mellom stemme, pust og kropp, er også nødvendig å arbeida med. Personen lærer god stemmehelse samtidig som potensialet til stemma blir utvikla.
Ungdom med kjønnsinkongruens kan ha samtalar med logoped om stemme og kommunikasjon, og dessutan bevisstgjering om kva det vil seia å trena stemma. Logopeden kan også starta med stemmetrening avhengig av modnad og alder.
For å unngå anstrengd muskulatur i taleorganet og med følgjande håsheit, blir muskulaturen til taleorganet trena på ein forsvarleg måte.
Transkvinner kan arbeida med feminisering av stemme og kommunikasjon. Det blir då arbeid med bevisstgjering av moglegheitene til stemma, lytting, trening av stemme og pust, og dessutan klangplassering som feminiserer uttrykket; mjukare måte å snakka på - lysare stemme – feminint tonefall – klangplassering som gir eit feminint uttrykk
Transmenn kan arbeida med: betoning/tonefall - avspenning av strupemuskulatur – pust - klangplassering som gir eit maskulint uttrykk
Hormonell behandling: Testosteron vil føra til at stemmen automatisk og stegvis, får djupare stemmeleie og meir maskulinitet i resonansen. Behandlinga er irreversibel. Østrogen har ingen effekt på stemma.
Oppfølging - individuell og/eller gruppe
Logopeden kan gi både individuell oppfølging og/eller tilbod om deltaking i kommunikasjonsgruppe. Deltaking i gruppe gir moglegheiter for å øva i ein sosial kontekst saman med andre. Det er ingen fasit på kor mange deltakarar det bør vera i ei gruppe, men ei gruppe på minst fire personar gir moglegheiter for dynamikk samtidig som alle får trena på å kommunisera. Gruppene kan forslagsvise vera ein gong i månaden.
Tidsperspektivet
Det er individuelt kor lang tid den logopediske oppfølginga kan ta. Nokon får rask framgang, medan andre treng ein meir langsiktig prosess. Innsats og progresjon handlar også om korleis kvar enkelt person har det, den mentale helsa, og kor mykje tid som blir sette av til å prioritera eigeninnsats mellom avtalane hos logoped. I byrjinga kan det vera fordel med hyppig oppfølging, til dømes ein gong i veka. Tett oppfølging i starten vil gi betre kontinuitet i innlæring av stemme- og kommunikasjonsøvingar. Ved innøving av ny stemmeåtferd skal kvar og ein utforska og gjera sine eigne erfaringar. Då kan oppfølging ein til to gonger i månaden, vera tilstrekkeleg.
Fysisk oppmøte og/eller videokonferanse
Logopedisk oppfølging skjer hovudsakleg ved fysisk oppmøte, og videokonferanse kan fungera som eit supplement. Det er likevel ikkje alle som har høve til å komma fysisk til logoped: det kan vera utfordrande å møta fysisk, det kan vera av geografiske omsyn, eller kommunen har ikkje logoped. Då kan videokonferanse vera einaste alternativ. Korleis oppfølginga blir lagd opp blir avtalt med kvar enkelt logoped.
Stemmetrening for feminisering eller maskulinisering av stemma er ein teneste som ikkje blir tilboden i sjukehuset, men at logopedar har avtale med Helfo om å levera denne tenesta
Logoped eller audiopedagog - behandling hos - Helsenorge
Oversikt logopedar som gjer stemmetrening med transgutar/menn og transjenter/kvinner, begge eller ein av gruppane. Lista er ikkje utfyllande.
Sted: | Navn | E-post | HCR (for leger) |
---|---|---|---|
Haugesund | Elin Gamst-Albertsen | elin.gamst-albertsen@rogfk.no | 925968382 (org nr) |
Stavanger | Elin Sletten | elin.sletten@stavanger.kommune.no | |
Stavanger/Madla | Steffen Viste | acs@logopedklinikken.no | sende henvisning per post |
Stavanger | Anne-Christin Schølberg | acs@logopedklinikken.no | 175365 |
Bergen | Aina Moe Klinge | aina@stemmelogopedi.no | |
Bergen | Berte Taraldsen | berte.taraldsen@gmail.com | |
Bergen og nettbasert | Kristine Vreim | kristine@pustogstemme.no | 183008 |
Ullensvang | Hanne N. Opedal |
hanne.n.opedal@ullensvang.kommune.no |
Tilvisning via hjemmeside |