Regionalt senter for kjønnsinkongruens Vest behandler pasienter inntil 18 år.
Pasienter over 18 år kan henvises for rekvirering av behandlingshjelpemidler. For behandlign av pasienter over 18 år sendes henvisningen til Nasjonal behandlingstjeneste for kjønnsinkongruens - Oslo universitetssykehus HF
Fastlege, anna spesialisthelseteneste eller psykolog/barnevernsleiar i kommunen viser til Regionalt senter for kjønnsinkongruens vest.
Tilvisinga skal innehalde opplysningar om:
- Opplevd kjønnsidentitet
- Varigheit av kjønnsinkongruens
- Eventuell dysfori/ubehag
- Livssituasjon – familie, skole, jobb
- Beskriving av eventuelle helseplager; somatisk og psykisk (tidlegare og aktuelt)
- Pubertetsstatus
- Ønske og forventningar pasienten har til kontakt med RSKI
- Namn på fastlege
Ved psykiske vanskar av moderat eller alvorleg grad, der psykisk helsevern ikkje allereie er inne i saka, skal det også sendast tilvising til lokal BUP.
Elektronisk tilvising blir send til Regionalt senter for kjønnsinkongruens eller til Helse Bergen via Norsk helsenett.
Dei tilsette på senteret er psykolog/koordinator, psykologspesialist og lege. Kva slags tilbod som blir gitt blir basert på ei individuell vurdering og ut frå ønska og behova til pasienten. Det kan vere individuelle- eller gruppesamtalar, nettverks- og familiesamtalar, utprøving og rekvisisjon av hjelpemiddel eller kurs.
Hormonell eller kirurgisk kjønnsbekreftande behandling blir tilboden ved Nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens (NBTK) ved Oslo universitetssjukehus. Regionalt senter samarbeider med NBTK, og kan hjelpe til i prosessen med tilvising dit eller pasientar som er under utgreiing og behandling ved NBTK.
Rettleiing og samarbeid
Senteret kan kontaktast for konsultasjon og rettleiing i saker. Du sender oss ein e-post med namn og telefonnummer på rski-vest@helse-bergen.no, og vi vil ta kontakt. Senteret samarbeider med Nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens, brukar- og interesseorganisasjonar, frivillige organisasjonar og kommunehelsetenesta i regionen.