Ravnebjerget barnehage

Ravnebjerget barnehage er ein av fire barnehagar ved Haukeland universitetsjukehus og ligg flott plassert i Haukelandsbakken med utsikt over heile byen. Barnehagen har plass til vel 70 barn i alderen 1-6 år. Barna er fordelt på fem avdelingar: Lyderhorn, Fløyen, Rundemanen, Løvstakken og Ulriken.

Med vår visjon «Ein grunnmur for livet» ønsker vi å gi barna tryggleik på eigen verdi. Vi vil hjelpe dei med å bygge eit positivt sjølvbilete og utvikle deira sosiale kompetanse slik at dei kan stå rusta til å møte utfordringar seinare i livet.

Årsplan Ravnebjerget (pdf)

Kontakt

Styrar - telefon

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Ravnebjerget barnehage Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Opningstida er måndag til fredag frå kl. 06.45 til kl. 16.45. Jul- og nyttårsaften og onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagen kl. 12.00.

Planleggingsdager 2023 - 2024:

  • Mandag 11. september 2023
  • Fredag 3. november 2023
  • Fredag 26. januar 2024
  • Fredag 15. mars 2024
  • Fredag 10. mai 2024

Planleggingsdager 2024-2025:

  • Mandag 9. september 2024
  • Fredag 1. november 2024
  • Fredag 31. januar 2025
  • Fredag 14. mars 2025
  • Fredag 30. mai 2025

Haukelandsbakken 42

Haukelandsbakken 42

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no