Fagseksjon for arkiv- og saksdokumentasjon
Bli kjend med Anja i fagseksjon for arkiv- og saksdokumentasjon.
Kva er stillinga di, og kor lenge har du jobba i dokumentasjonsavdelinga?
Eg har jobba i Helse Bergen sidan 1998. Eg starta som autorisert helsesekretær og har vore ein del av dokumentasjonsavdelinga heilt sidan avdelinga vart etablert.
Gjennom åra har eg fått vere med på mange endringar og utviklinga av nye arbeidsmåtar og system. Det har gitt meg brei erfaring innan arkiv- og dokumentforvaltning.
Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?
Arbeidsoppgåvene varierer frå veke til veke, sidan vi har ein rulleringsplan. Overordna handlar arbeidet om dokumentmottak, kvalitetssikring, kundebehandling via telefon og e-post, og forvaltning av dokument i både papirbasert og elektronisk form.
Seksjonen vår arbeider ikkje med pasientjournalar, men med all annan dokumentasjon som kjem inn til og går ut frå Helse Bergen.
Vi handterer mellom anna inngåande e-post til føretaket, dokument som kjem inn via Altinn og VestDialog, og papirpost. Papirdokument blir skanna og gjorde tilgjengelege digitalt.
Mykje av arbeidet skjer i sak- og arkivsystemet Elements. Der kvalitetssikrar vi dokument og registreringar, og gir brukarstøtte til tilsette som treng hjelp eller rettleiing.
Eg deltek òg ofte på interne og eksterne møte, kurs og seminar. Gjennom åra har eg vore med i prosjektgrupper, arbeidd med høyringsfråsegner og blitt kjend med mange ulike fagmiljø i sjukehuset.
Kvifor meiner du at arbeidet ditt er viktig?
Det er viktig å ta vare på dokumentasjon, sørgje for at ho kan finnast att når det er behov for det, og gjere henne tilgjengeleg for framtida.
Dokumenta vi forvaltar kan vere viktige som dokumentasjon på avgjerder, avtalar og kommunikasjon. Arbeidet vårt bidreg også til openheit, innsyn og ei trygg handtering av informasjon.
Kva likar du best med jobben din?
Det eg set mest pris på, er kollegaene og det gode arbeidsmiljøet. Eg trivst òg med dei varierte arbeidsoppgåvene og at det alltid er noko nytt å lære. Ein blir eigentleg aldri ferdiglært.
Eg synest også det er spennande å jobbe i eit fagfelt som stadig utviklar seg i takt med digitalisering og nye måtar å arbeide på.
Kva er den største misoppfatninga om jobben din?
Kanskje at arbeidet ikkje er så viktig, eller at vi lett blir litt oversette i den store samanhengen. Den største misoppfatninga er nok likevel at vi har lite å gjere.
Vi tek imot og handterer eit stort tal dokument og førespurnader kvar dag, og arbeidet krev både nøyaktigheit, samarbeid og god oversikt.
Kven trur du vil trivast i denne typen jobb?
Dette er ein jobb som passar for deg som er positiv, systematisk, strukturert og detaljorientert. Du bør trivast med å samarbeide med andre og ha kontakt med både kollegaer og brukarar gjennom arbeidsdagen.
Dersom du likar orden, gode rutinar og å bidra til at viktig dokumentasjon blir handtert på ein trygg og korrekt måte, kan dette vere ein jobb du vil trivast godt i.