Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Seksjon for fag og utvikling

Bli kjend med Berit i seksjon for fag og utvikling.

Kva er stillinga di, og kor lenge har du jobba i Dokumentasjonsavdelinga?

Eg jobbar som konsulent og har vore tilsett i dokumentasjonsavdelinga sidan 2006. Gjennom åra har eg arbeidd med fleire ulike oppgåver innan dokumentasjon og pasientinformasjon.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

Ein stor del av arbeidsdagen min går med til å behandla innsynsførespurnader og senda journalkopiar til pasientar og andre som har rett til innsyn, som forsikringsselskap og advokatar. I tillegg arbeider eg med oppgåver som bestilling av varer, behandling av barnevernsmeldingar, omsetjingar, opplasting til Ekspertpanelet og førespurnader frå rettsmedisin.

Eg følgjer også opp arbeidsoppgåver i DIPS som manglar ansvarleg mottakar, og sørgjer for at viktig informasjon og dokumentasjon kjem vidare til rett stad. Det krev både oversikt, nøyaktigheit og evne til å prioritera. Arbeidsdagane varierer mykje, og det dukkar ofte opp nye problemstillingar som må løysast.

Kvifor meiner du at arbeidet ditt er viktig?

Arbeidet vårt er viktig fordi vi hjelper pasientar og andre med å få tilgang til nødvendig dokumentasjon på ein trygg og korrekt måte. Vi bidreg til at viktig informasjon kjem fram til rett mottakar, og det gjer jobben både meiningsfull og verdifull.

Kva likar du best med jobben din?

Eg trivst spesielt godt med å kunna hjelpa andre. Samtidig likar eg oppgåver som krev vurderingar og problemløysing. Det er kjekt med utfordringar og med ein arbeidskvardag der ein stadig lærer noko nytt.

Kva er den største misoppfatninga om jobben din?

Nokre trur at jobben er rutineprega og lite utfordrande. Mi erfaring er at ingen dagar er heilt like. Mange saker krev vurderingar, og vi må ofte setja oss inn i nye problemstillingar. Det gjer arbeidet både interessant og variert.

Kven trur du vil trivast i denne typen jobb?

Personar som likar varierte arbeidsoppgåver og som trivst med å hjelpa andre, vil ofte trivast godt i denne jobben. Du bør vera nøyaktig, tolmodig og kunna handtera periodar med høgt arbeidstempo. Samtidig er det ein fordel å lika utfordringar og å finna gode løysingar når uventa situasjonar oppstår.

Berit ved arbeidsplassen.

 

Sist oppdatert 17.11.2026