Skrivetenesta
Bli kjend med Erlend i skrivetenesta i seksjon for medisinsk dokumentasjon.
Kva er stillinga di, og kor lenge har du jobba i dokumentasjonsavdelinga?
Eg er sekretær i skrivetenesta og har arbeidd her i fem år.
Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?
Den viktigaste oppgåva mi er å skrive operasjonsbeskrivingar, polikliniske notat, brev og epikriser ut frå diktat frå legar. I tillegg betener eg innleggelsestelefonen.
Arbeidsdagen startar gjerne med at eg loggar meg på telefonen og får oversikt over oppgåvene som ligg klare. Dersom det finst hastesaker, til dømes diktat eller meldingar som må behandlast raskt, startar eg med dei. Når desse er ferdige, arbeider eg vidare med dei eldste oppgåvene på skrivelista.
Diktata frå legane varierer mykje. Nokre tek berre nokre få sekund å skrive, medan andre kan vere lange og detaljerte beskrivingar av kompliserte operasjonar.
Gjennom dagen svarar vi også på spørsmål frå legar og andre tilsette. Det kan vere hjelp med tilvisingar, bestilling av pasientkort for enkelte medisinske implantat eller rettleiing når dei får tekniske feilmeldingar.
Skrivetenesta har utvikla seg mykje dei siste åra. Tidlegare arbeidde mange berre mot éi avdeling, medan vi no ofte skriv for fleire ulike fagområde. Det betyr at vi må kunne handtere alt frå nevrokirurgiske operasjonar til fødselsrapportar, både på bokmål og nynorsk.
Vi har også ansvar for innleggelsestelefonen. Her tek vi imot telefonar frå fastlegar, legevakter og andre sjukehus som ønskjer å legge inn pasientar ved Haukeland eller Haraldsplass via akuttmottaket. Kvar dag svarar vi på om lag 100 telefonar, samstundes som vi utfører dei andre arbeidsoppgåvene våre. Jobben krev derfor at vi kan prioritere mellom mange oppgåver og halde oversikt sjølv når det er travelt.
Kvifor meiner du at arbeidet ditt er viktig?
God dokumentasjon er viktig for pasienttryggleiken. Informasjonen i pasientjournalen må vere korrekt, forståeleg og tilgjengeleg når helsepersonell treng han.
Vi bidreg til at notat og rapportar kjem raskt inn i journalen, slik at legar, sjukepleiarar og andre behandlarar har oppdatert informasjon når dei skal ta viktige avgjerder. Vi er også ein støttespelar for legane og bruker kunnskapen vår til å sikre at dokumentasjonen held høg kvalitet.
Kva likar du best med jobben din?
Det eg likar best, er kombinasjonen av utfordringar og nytteverdi. Nokre dagar arbeider eg med lange og kompliserte operasjonsbeskrivingar som krev mykje konsentrasjon og fagleg forståing. Andre dagar handlar det om å få mange mindre notat raskt på plass, slik at viktig informasjon blir tilgjengeleg for neste lege eller sjukepleiar.
Eg set også stor pris på samarbeid med kollegaene mine. Dersom eg møter ord eller uttrykk eg ikkje forstår, er det alltid nokon som hjelper. Saman løyser vi utfordringar som ingen av oss nødvendigvis hadde klart å løyse åleine. Det gjer arbeidsmiljøet både lærerikt og inkluderande.
Kva er den største misoppfatninga om jobben din?
Mange trur at kunstig intelligens kan overta heile jobben. Moderne teknologi er eit nyttig hjelpemiddel og kan effektivisere delar av arbeidet, men det er framleis behov for menneskeleg vurdering og språkleg forståing.
Vi handterer ofte lydopptak med varierande lydkvalitet, medisinske faguttrykk og formuleringar som må tilpassast og kvalitetssikrast. Det krev erfaring, språkkompetanse og forståing av samanhengen. Menneskeleg kvalitetssikring er framleis avgjerande for at dokumentasjonen skal vere korrekt og trygg å bruke i pasientbehandling.
Ei anna vanleg misoppfatning er at arbeidet er einsformig. I røynda møter vi stadig nye problemstillingar, fagområde og utfordringar, og det er alltid noko nytt å lære.
Kven trur du vil trivast i denne typen jobb?
Denne jobben passar godt for deg som likar å arbeide strukturert og nøyaktig, men som også trivst med samarbeid. Du bør vere komfortabel med å prioritere mellom oppgåver, halde oversikt når det er travelt og samtidig vere oppteken av kvalitet i arbeidet du leverer.
God skriftleg norsk er viktig, sidan mykje av arbeidet handlar om å sikre at informasjon i pasientjournalen er korrekt, tydeleg og lett å forstå. Du må også vere interessert i språk og ha lyst til å lære nye ting. Vi møter stadig nye fagområde, medisinske omgrep og utfordringar, så nysgjerrigheit og læringsvilje kjem godt med.
Det er ein jobb for dei som likar å fordjupe seg i tema og byggje opp spesialkunnskap over tid. Du treng ikkje ha helsefagleg bakgrunn frå før. Mange lærer fagspråket gjennom arbeidet. Eg har sjølv studert politikk og historie, men gjennom åra i skrivetenesta har eg fått brei kunnskap om medisinsk terminologi, kirurgiske inngrep og dokumentasjon i spesialisthelsetenesta.
Samtidig passar jobben godt for deg som likar å hjelpe andre. Kvar dag samarbeider vi med legar, sjukepleiarar og andre tilsette, og vi bidreg til at viktig informasjon kjem raskt på plass der ho trengst. Dersom du trivst med ansvar, læring og varierte arbeidsoppgåver, kan dette vere ein jobb der du vil utvikle deg og finne stor meining i arbeidet.