Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helsesekretærtenesta i seksjon for medisinsk dokumentasjon

Bli kjend med Marianne i helsesekretærtenesta i seksjon for medisinsk dokumentasjon.

Kva er stillinga di, og kor lenge har du jobba i Dokumentasjonsavdelinga?

Eg har jobba som helsesekretær ved Haukeland universitetssjukehus i 19 år, og dei siste 13 åra har eg vore i dokumentasjonsavdelinga. Arbeidskvardagen min er i Mottaksklinikken, der eg jobbar ved utgreiingsmottak 1 (UMO 1), utgreiingsmottak 2 (UMO 2), korttidsposten, på kontoret og i Akuttmottaket, både i resepsjonen og i triage.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg, og kvifor meiner du at arbeidet ditt er viktig?

Vi jobbar i tredelt turnus, så det finst eigentleg ikkje ein vanleg arbeidsdag. Ingen dagar er like, og kvar vi skal tilbringe dagen veit vi som oftast ikkje før vi kjem på jobb.

Dagane er ofte delte i to, slik at vi arbeider ein stad den første delen av vakta og ein annan stad den neste. Det gir god variasjon både i arbeidsoppgåver og arbeidsmiljø.

Vi jobbar både som postsekretærar ved sengeeiningane i mottaksklinikken og på kontoret, der vi registrerer pasientar som kjem til og reiser frå akuttmottaket. Vi sit òg i resepsjonen og tek imot pasientar, beskjedar og informasjon som må vidareformidlast. Det kan vere prøvesvar, undersøkingar eller avtalar pasientane skal til, til dømes på røntgen, skopi eller operasjon.

Vi arbeider også i triage. Triage er prosessen der pasientane blir sorterte etter kor raskt dei treng helsehjelp. Her tek vi mellom anna blodprøver av pasientar når dei kjem til sjukehuset.

I tillegg er vi ein del av Haukeland si beredskapsordning ved større hendingar. Då har vi ansvar for innkalling av personell, identifisering og registrering av pasientar.

Eg meiner arbeidet vårt er viktig fordi vi bidreg til at pasientflyten fungerer, og fordi vi er med på å sikre at både pasientar og helsepersonell får rett informasjon til rett tid.

Kva likar du best med jobben din?

Det eg likar best, er å kjenne at eg er til nytte, ha varierte arbeidsdagar og sjølvsagt verdas beste kollegaer.

Kva er den største misoppfatninga om jobben din?

Mange trur at vi sit på ei skrivestove, og at det å skrive journalar er det einaste vi driv med. Nokon tenkjer også at vi «berre» er sekretærar og ikkje treng utdanning.

Slik er det ikkje. Vi som jobbar i teamet i mottaksklinikken, skriv ikkje journalar i det heile. Arbeidsdagen vår handlar om pasientkontakt, prøvetaking, registrering, koordinering og samarbeid med mange ulike faggrupper. Dei fleste av oss er autoriserte helsesekretærar.

Kven trur du vil trivast i denne typen jobb?

Eg trur mange kan trivast hos oss, men du bør ikkje vere for sart. Vi møter pasientar og pårørande i mange ulike situasjonar, og nokre av dei kan vere krevjande.

Det skjer mykje hos oss, og arbeidsdagen kan gå frå veldig roleg til svært travel på få sekund. Du må vere fleksibel, kunne snu deg raskt rundt og vere klar til å ta i eit tak når det trengst.

Samtidig er dette ein jobb for deg som likar variasjon, samarbeid og å vere der det skjer. Ingen dagar er like, og du får ein viktig rolle i møtet med pasientane når dei kjem til sjukehuset.

Marianne klargjer til blodprøvetaking.

 

Sist oppdatert 17.11.2026