Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Skannetenesta

Bli kjend med Merethe i skannetenesta i seksjon for medisinsk dokumentasjon.

Kva er stillinga di, og kor lenge har du jobba i dokumentasjonsavdelinga?

Eg er sekretær og har arbeidd i dokumentasjonsavdelinga i 31 år. Gjennom åra har eg fått brei erfaring med dokumenthandtering, registrering og oppfølging av pasientdokumentasjon.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

Arbeidsdagen startar med at eg loggar inn i DIPS, les e-postar og sjekkar dagens oppgåver. Ein viktig del av jobben er å handtere innkomande post og sørgje for at dokument blir registrerte og gjorde tilgjengelege i pasientjournalen. Det kan vere tilvisingar, epikrisar og annan helseinformasjon som helsepersonell treng i pasientbehandlinga.

Eg arbeider også med elektronisk post som kjem inn via eDialog, Altinn og sjukehuset sine e-postløysingar. Dokumenta blir mellomlagra til oss på eit sikkert område før dei blir importerte som innkomande post i DIPS og sende vidare til rett avdeling eller registrerte som tilvisingar.

I tillegg handterer eg trygg overføring av dokument til ulike avdelingar på sjukehuset. Eg deltek i telefonvakt, svarar på spørsmål frå både helsepersonell og eksterne brukarar, og arbeider med statistikk og andre administrative oppgåver ved behov.

Kvifor meiner du at arbeidet ditt er viktig?

Arbeidet vårt bidreg til at viktig pasientinformasjon blir tilgjengeleg for helsepersonell når dei treng ho. Når dokument blir registrerte og behandla raskt og korrekt, får legar og sjukepleiarar tilgang til nødvendig informasjon for å kunne gi god behandling.

Vi er ein viktig del av pasientforløpet og bidreg til god informasjonsflyt i sjukehuset.

Kva likar du best med jobben din?

Det eg likar best er å kunne hjelpe andre og vite at arbeidet mitt har betydning. Eg set også pris på dei varierte arbeidsoppgåvene, ansvaret eg har, fleksitidsordninga og det gode arbeidsmiljøet. Ingen dagar er heilt like, og eg samarbeider med mange ulike fagmiljø.

Kva er den største misoppfatninga om jobben din?

Mange trur at jobben berre handlar om å skanne dokument eller utføre enkle rutineoppgåver. I røynda har vi ansvar for at viktig informasjon blir registrert korrekt og kjem til rett stad til rett tid. Arbeidet krev både nøyaktigheit, vurderingsevne og god forståing av korleis pasientinformasjon skal handterast.

Kven trur du vil trivast i denne typen jobb?

Denne jobben passar godt for deg som likar orden og struktur, er nøyaktig og tek ansvar for oppgåvene dine. Du bør trivast med å arbeide i digitale system og kunne handtere sensitiv informasjon på ein trygg måte.

Det er også ein fordel å vere serviceinnstilt, like samarbeid og trivast med varierte oppgåver. Dersom du ønskjer å bidra til gode tenester for pasientar utan å jobbe direkte i klinikken, kan dette vere ei spennande stilling.

Merethe ved arbeidsplassen.

 

Sist oppdatert 17.11.2026