Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utskriftstenesta

Bli kjend med Rosmari i utskriftstenesta i seksjon for medisinsk dokumentasjon.

Kva er stillinga di, og kor lenge har du jobba i dokumentasjonsavdelinga?

Eg jobbar som sekretær i utskriftstenesta og har vore tilsett i dokumentasjonsavdelinga i snart tre år. Utskriftstenesta har ansvar for å handtere og sende ut dokumentasjon knytt til pasientbehandling, slik at viktig informasjon kjem fram til rett mottakar.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

Arbeidsdagen startar klokka 07.30, gjerne med ein kopp kaffi før eg går gjennom oppgåvene for dagen. Oppgåvene blir fordelte mellom dei tilsette, og dagane er ofte varierte. Ein stor del av arbeidet går ut på å handtere dokumentasjon frå pasientjournalen i DIPS. Dokumenta blir anten sende elektronisk eller skrivne ut på papir, avhengig av mottakar og behov.

I tillegg svarar eg på telefonar frå sjukehus, legar og andre helseaktørar som treng dokumentasjon i samband med helsehjelp. Gjennom dagen arbeider eg med dei oppgåvene som er tildelte, før arbeidsdagen vanlegvis blir avslutta rundt klokka 15.30.

Kvifor meiner du at arbeidet ditt er viktig?

Arbeidet mitt er viktig fordi det sikrar at dokumentasjon kjem fram til rett mottakar til rett tid. Vi handterer dokumentasjon frå DIPS og sørgjer for at nødvendig informasjon blir sendt elektronisk eller på papir til helsepersonell, kommunar, PPT-tenester og andre samarbeidspartnarar.

Sjølv om vi sjeldan møter pasientane direkte, bidreg arbeidet vårt til god samhandling mellom tenestene og til at pasientane får trygg og forsvarleg helsehjelp.

Kva likar du best med jobben din?

Det eg likar best, er variasjonen i arbeidsoppgåvene. Ingen dagar er heilt like. Eg set også stor pris på dei gode kollegaene mine og ein leiar som er open, støttande og inkluderande. I tillegg er fleksitidsordninga svært verdifull og gjer det enklare å få arbeidsliv og fritid til å gå opp.

Kva er den største misoppfatninga om jobben din?

Mange trur kanskje at dokumentasjonsarbeid er einsformig eller kjedeleg. I røynda er dette ein jobb med både ansvar og variasjon. Arbeidet krev nøyaktigheit, evne til å prioritere og god forståing for kor viktig korrekt dokumenthandtering er for pasientbehandlinga.

Kven trur du vil trivast i denne typen jobb?

Denne jobben passar godt for deg som er strukturert, har god ordenssans og likar å arbeide systematisk. Det er også ein fordel å vere interessert i helsefeltet, utan nødvendigvis å ønskje direkte pasientkontakt.

Du vil truleg trivast godt dersom du likar å ta initiativ, finne gode løysingar og bidra til å forbetre arbeidsprosessar. Samstundes er det viktig å vere serviceinnstilt og komfortabel med å samarbeide med både kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar.

Rosmari ved arbeidsplassen.

 

Sist oppdatert 17.11.2026