Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Posttenesta

Bli kjend med Siv fra posttenesta, i seksjon for medisinsk dokumentasjon.

Kva er stillinga di, og kor lenge har du jobba i dokumentasjonsavdelinga?

Eg jobbar som sekretær i dokumentasjonsavdelinga og har vore tilsett her sidan 2016. Gjennom åra har eg fått god innsikt i korleis posttenesta fungerer, og kor viktig ho er for at sjukehuset skal fungere godt.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

Arbeidsdagane mine er varierte. Når eg jobbar med posttenesta, startar eg dagen med å opne og handtere returpost. Deretter sorterer og fordeler eg post både på postrommet og ute i verksemda. Ein del av arbeidet inneber også å køyre postbil for å frakte post og sendingar mellom ulike lokasjonar. Når det er mogleg, loggar eg meg på telefonen til utskriftstenesta og hjelper pasientar og andre som tek kontakt med spørsmål og behov for rettleiing.

Kvifor meiner du at arbeidet ditt er viktig?

Arbeidet mitt er viktig fordi det sørgjer for at post og informasjon kjem fram til rett mottakar til rett tid. God handtering av post bidreg også til å redusere mengda returpost. Når eg svarar på telefonar, er eg ofte den første personen brukarar møter, og då er det viktig å kunne gi god hjelp og rettleiing.

Kva likar du best med jobben din?

Det eg likar best, er at arbeidsoppgåvene er varierte. Ingen dagar er heilt like, og eg får kombinere praktiske oppgåver med kundekontakt. I tillegg er det positivt at jobben inneber ein del rørsle gjennom dagen.

Kva er den største misoppfatninga om jobben din?

Den største misoppfatninga er kanskje at folk trur arbeidet er einsformig eller kjedeleg. I røynda er det mange ulike oppgåver, og ein dag kan innehalde alt frå logistikk og posthandtering til kundeservice og problemløysing.

Kven trur du vil trivast i denne typen jobb?

Denne jobben passar godt for personar som likar varierte arbeidsdagar, er praktisk orienterte og trivst med å yte service. Det er ein fordel å vere strukturert og nøyaktig, slik at post og informasjon blir handtert på ein trygg og korrekt måte. Jobben inneber mykje rørsle gjennom dagen, enkelte tyngre løft og køyring av postbil, så du må ha førarkort og trivast med både praktiske oppgåver og ansvar.

Siv på postrommet.

 

Sist oppdatert 17.11.2026