Fagseksjon for papirforvaltning og depot
Bli kjend med Theodor i fagseksjon for papirforvaltning og depot.
Kva er stillinga di, og kor lenge har du jobba i Dokumentasjonsavdelinga?
Eg jobbar som konsulent i Fagseksjon for papirforvaltning og depot. Der tek vi vare på og forvaltar papirbasert dokumentasjon frå Helse Bergen. Eg byrja i Dokumentasjonsavdelinga 17. august 2026, så eg har vore her i litt under tre månader.
Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?
Ein vanleg arbeidsdag er variert og består av mange ulike oppgåver. Vi behandlar innsynsførespurnader frå avdelingar i helseføretaket og frå eksterne verksemder som oppbevarer arkivmateriale hos oss. Når nokon treng dokumentasjon som berre finst på papir, finn vi fram det dei leitar etter. Nokre gonger krev det litt detektivarbeid.
Vi tek også imot, sorterer, registrerer og ordnar papirarkiv som blir overførte til depotet. Det kan vere personalmapper, pasientjournalar, forskingsmateriale, rekneskap og annan dokumentasjon som har blitt skapt gjennom mange år.
I tillegg førebur vi eldre pasientjournalar for overføring til Norsk helsearkiv. Arbeidet inneber òg ein del praktiske oppgåver og logistikk, så dagane vekslar mellom arbeid ved PC og arbeid ute i depotet.
Kvifor meiner du at arbeidet ditt er viktig?
Dokumentasjonen vi forvaltar, er ein viktig del av historia og verksemda til sjukehuset. Sjølv om mykje i dag er digitalt, finst det framleis store mengder viktig informasjon berre på papir.
Når vi finn fram dokumentasjon til innsyn, hjelper vi menneske med å få svar på det dei treng. Det kan handle om tidlegare sjukehusbehandling, pensjonssaker, forsking, dokumentasjon av eigne forhold eller andre viktige spørsmål. På den måten bidreg arbeidet vårt til å løyse konkrete behov for både pasientar, tilsette og samarbeidspartnarar.
Kva likar du best med jobben din?
Det eg likar best, er variasjonen. Ingen dagar er heilt like, og eg får arbeide med mange ulike typar dokumentasjon.
Den eine dagen kan eg arbeide med pasientjournalar frå tidleg på 1900-talet, medan eg neste dag jobbar med rekneskap eller administrative arkiv frå nyare tid. For meg som er interessert i historie, er det ekstra spennande å få innblikk i korleis sjukehuset og helsetenestene har utvikla seg gjennom generasjonar.
Kva er den største misoppfatninga om jobben din?
Den vanlegaste misoppfatninga er kanskje at arkivarbeid er einsformig eller keisamt. I røynda er jobben mykje meir variert enn mange trur.
Nokre dagar arbeider vi med raske førespurnader i høgt tempo. Andre dagar må vi bruke tid på å leite fram dokumentasjon som er vanskeleg å finne. Arbeidet krev både systematikk, nøyaktigheit og evne til problemløysing. Samtidig får vi unik innsikt i historia til sjukehuset og dei mange verksemdene som har vore ein del av det.
Kven trur du vil trivast i denne typen jobb?
Denne jobben passar godt for deg som er nysgjerrig, strukturert og likar å løyse problem. Du bør trivast med både praktisk arbeid og oppgåver ved PC.
Det er ein fordel å vere interessert i historie, dokumentasjon og korleis store verksemder utviklar seg over tid. Du treng ikkje kunne alt frå før, men du bør like å lære nye ting og vere motivert for å finne svar når informasjon er vanskeleg å spore opp.