Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

En liten prat med sommerprat med Emma Yael Husebye

I sommar jobbar over 250 sommervikarar og studentar i Helse Bergen. I serien «Ein liten sommarprat med» møter vi nokre av dei dyktige medarbeidarane våre som held hjula i gang gjennom sommaren. I dag har vi tatt ein prat med Emma Yael Husebye, som i sommar jobbar på matvarelageret i Bikuben.

Publisert 11.07.2025
Emma Husebye

Namn: Emma Yael Husebye
Alder: 19 år
Studium: Har gått på reiselivslina ved Helgeland folkehøgskule
Arbeidsstad: Produksjonen i Bikuben

Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut for deg?

Vi startar klokka 07.00 og jobbar til 15.00. Det går mykje i pakkelister – vi pakkar matvarer til både avdelingar på Haukeland og einingar utanfor sjukehuset. Det har gått ekstra mykje saft i det siste, sikkert på grunn av det fine vêret som er meldt

Kvifor valde du å jobbe her?

Eg har hatt sommarjobb her før, og før det jobba eg som matvert på Hjarte 3. No ser eg meir av korleis ting heng saman – kvar maten kjem frå, og korleis alt er organisert.

Kva likar du best med jobben?

Emma Husebye
Det pakkes mye saft.

Det beste er kollegaene. Vi er tre i varemottaket og to som pakkar, og vi samarbeider godt og hjelper kvarandre når det trengst. Eg kjenner òg at jobben er viktig – alle dei små oppgåvene betyr noko.

Og så er det fint å få jobbe 100 prosent heile sommaren. Mange av venene mine har sommarjobbar med færre faste vakter.

Kva er planen etter sommaren?

Først skal eg vere miljøarbeidar på folkehøgskulen eg har gått på. Etter det vil eg ta ei utdanning – kanskje bli sosionom, lærar eller journalist.

Blir det noko gøy i sommar då?

Ja! Eg har fri neste veke, og då skal eg ein tur til Stavern. Krysser fingrane for sol og fint vêr!