Korleis og kor ofte bør eg vaske masken?
- Masken din skal vaskast kvar veke i lunka vatn med mild såpe.
Ikkje med antibakteriell såpe eller alkoholhaldige vaskeklutar, då desse midla vil bryte ned silikona som masken er laga av. Såpar med lotion bør heller ikkje brukast, då dei kan gjere at det legg seg ein hinne over maskeputa slik at den blir vanskelegare å få tett.
- Hugs at dersom du vaskar ansiktet om kvelden før du tar masken på, så gjer du det enklare å få masken tett og du kan minske hudirritasjon. I tillegg vil du forlenge levetida til masken.
- Det kan og vere lurt å skylle masken om morgonen etter bruk, eventuelt tørke av den med ein fukta klut. Dette for å fjerne fett eller hudrester frå huda.
Treng CPAP årleg service?
Nei, det treng den ikkje. CPAP`ane er svært driftsikre og det er få problem med dei. Men, dersom det skulle oppstå feil; ta kontakt med BHM via helsenorge.no eller telefon.
Kor ofte skal filter på CPAP byttas?
Vi anbefaler å bytte filter kvar 3. måned.