TENS
Her finn du nyttig informasjon om bruk av TENS-apparat for smertebehandling
TENS står for "Transcutan elektrisk nervestimulering" og kan nyttast for til å dempe smerteopplevelse ved ulike sjukdomstilstander. Det er ulikt fra person til person hvordan TENS-behandling virker.
Krav for å få utlevert TENS-apparat frå spesialisthelsetenesta
For å få låne eit TENS-apparat må følgjande krav vere oppfylte:
- Du må bli vurdert av fysioterapeut i spesialisthelsetenesta, eller kommunal fysioterapeut med driftsavtale
- Fysioterapeut må sende tilvising til BHM
- Behandlinga må vere prøvd ut og ha gitt dokumentert effekt
- Utprøvingsperioden skal vare minst 14 dagar
- Apparat og forbruksmateriell blir sendt heim til deg når utlånet er godkjent
Du kan låne TENS-apparatet i 12 månader frå dagen du får det utlevert. Når låneperioden er over, blir utlånet avslutta, og du må sende apparatet tilbake til BHM.
Dersom du framleis har behov for behandling, må fysioterapeuten din stadfeste dette.
Slik bestiller du påfyll av forbruksmateriell:
- Rebestilling kan gjerast via helsenorge.no.
- Du mottar utstyr for 3 måneder, avhengig av behov.
Aktuelt forbruksmateriell:
- Hudelektrodar (Finst i ulike storleikar)
Forventa levetid: 4-6 veker
For å forlenge levetida på hudeelektrodane kan du dryppe litt vatn på limoverflata før du set elektroden tilbake på plastfilmen.
- Strømkabel
- 9V batteri
- Øreklips for vagusnervestimulering (krev ekstra opplæring og utprøving hos fysioterapeut)
TENS-apparat er stabile i bruk, og det er sjeldan feil på sjølve apparatet. Mange av problema som oppstår, er knytte til leidningar, elektroder og batteri.
Viktig: Ikkje surr leidningane rundt apparatet, då dette aukar risikoen for brot i leidningane.
Dei vanlegaste problema – og korleis du kan løyse dei
Dette kjem anten av brot i kablane eller dårleg kontakt mellom elektrodene og huda.
Symbolet nedanfor, merka med raud ring, vil visast på skjermen på den sida/kanalen som har dårleg kontakt eller kabelbrot.

Problemløysing:
- Sjekk at elektrodene sit godt fast på huda.
Elektrodene må ha god hudkontakt, elles vil ikkje straumen gå som han skal. - Ved dårleg kontakt eller redusert lim:
- Bestill nye elektroder frå BHM.
- Bestill nye elektroder frå BHM.
- Dersom elektrodene festar godt, er det anten brot i kablane eller feil på elektrodene.
- Bestill då både leidningar og elektroder frå BHM.
Dersom du har følgt rettleiingene ovanfor utan at problemet er løyst, eller dersom du har andre problem med TENS-apparatet, kan du ta med apparatet til lokala våre.
Verkstaden vår vil då kontrollere apparatet og anten reparere det eller byte det ut med eit nytt.
Når utlånstida er over
Når utlånstida er over, eller apparatet ikkje lenger er i bruk, skal apparatet leverast tilbake til Eining for behandlingshjelpemiddel (BHM).
Ved å levere tilbake utstyr som ikkje lenger er i bruk, bidreg du til godt vedlikehald og til at andre pasientar kan få tilgang til utstyr dei har behov for.
Retur-/besøksadresse:
Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
«Motorhallen», inngang A, 6. etasje
Postadresse:
Helse Bergen HF
Behandlingshjelpemiddel
Postboks 1400
5021 Bergen