Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

To poststader i Kvam utan avtale om køyring av pasientreiser

Etter to rundar med utlysingar for pasientreiser for poststadane Omastrand og Strandebarm i Kvam herad har Helse Bergen ikkje motteke tilbod frå nokon transportørar.

Publisert 02.02.2024

Det betyr at frå og med 24. februar står Helse Bergen utan avtale om køyring av pasientreiser med start frå poststadane 5630 Strandebarm og 5632 Omastrand i Kvam herad. 
 

- Det siste året har vi arbeidd med å få på plass vidare avtale for køyring av pasientreiser i denne delen av kommunen, fortel avdelingssjef Ann-Mari Høiland i Avdeling for pasientreiser. 

- Dessverre har vi ikkje motteke nokon tilbod om køyring av pasienttransport her. Vi beklagar ulempene dette medfører for pasientar, pårørande og behandlarar.  

 
For pasientar som skal reise frå Omastrand og Strandebarm, betyr dette at dei frå og med 24.februar 2024 må ordne med transport sjølve og legge ut for reisa, for så å søke refusjon i etterkant. 

Ved reise frå område med avtale, til dømes heimreise frå Haukeland sjukehus eller reise frå legekontor i Norheimsund heim til Strandebarm, vil pasienten ved behov få tildelt tilrettelagt transport av Avdeling for pasientreiser, som i dag. 

 
Pasientreiser i Helse Bergen vil ta kontakt med aktuelle behandlarar i Kvam herad i forkant av endringane. 
 

Informasjon og rettleiing til pasientar og behandlarar vil fortløpande bli lagt ut på nettsida

Avtalar for køyring av pasientreiser i Helse Bergen - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)