En bygning med trær foran seg

Prosjektkontoret

Framtidas sjukehus vert planlagt og bygd no, og Prosjektkontoret har ei leiande rolle i dette arbeidet. Prosjektkontoret ivaretek alle investeringar i bygg og anlegg, samt medisinsk-teknisk utstyr for heile Helse Bergen HF.

Dagens og framtidas bruk av helseføretakets institusjonar må planleggast riktig for å møte framtidig utvikling, mål og behov for alle pasientar og brukarar på beste måte.

I åra som kjem vil det bli merkbart større byggeaktivitet ved Haukeland universitetssjukehus. Utviklinga av institusjonane ved sjukehuset – bygningsmasse, uteareal og drifta av desse heng nøye saman med utviklinga av byen.

Kontakt

Slik finn du fram

Jonas Lies vei 68

Jonas Lies vei 68

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

  • Byggeplass
    Byggherrerollen

    Prosjektkontoret har som hovudoppgåve å administrere og sørgje for gjennomføring av ulike prosjekt.

  • PRosjektkontoret. Foto.
    Krav til offentlege aktørar

    Det vert stilt stadig strengare og meir omfattande krav til aktørar innan områda offentlege innkjøp og gjennomføring av byggeprosjekt.

  • Prosjektkontor. Foto.
    Utfordrarrollen

    Prosjektkontoret skal sørgje for at alle økonomiske aspekt ved eit prosjekt er gjennomtenkt og klarlagt før oppstart.