Velkomen til 20-årsjubileum og ope hus 19. november
Torsdag 19. november kl. 12.00–14.00 inviterer LMS til jubileumsmarkering og ope hus i Ulriksdal Helsepark. Her får du høve til å bli betre kjend med LMS gjennom korte og inspirerande innlegg om meistring, brukarmedverknad, demenskurs, Start Hjelp-kurset, diabeteskurs og LMS si utvikling gjennom 20 år.

Det blir også mingling med kaffi og kake, kunstutstilling og moglegheit til å møte medarbeidarar og samarbeidspartnarar frå LMS.
Program
Stad: Ulriksdal Helsepark
Kl. 12.00 Velkomen
Viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Clara Gjesdal, og strategi- og samhandlingsdirektør ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus, Rebekka Ljosland
Kl. 12.10 Frå kronisk sjuk til gründer – gjennom meistring
Ein samtale mellom gründar Cecilie Hauge Ågotnes og sjukepleiar Per Refsnes
Kl. 12.30 LMS gjennom 20 år
Vibeke Irgens, leiar for LMS
Kl. 12.40 Eit unikt tilbod til personar med demens
Ved kursleiar og ergoterapeut Irmelin Smith Eide
Kl. 12.50 Frå usikkerheit til meistring
Om kva Starthjelp-kurset har å seie. Ved brukarmedverkar, kursleiar og mor Renate Toft
Kl. 13.00 Frå to dagar til éin gjennom digitalisering
Ny modell for diabeteskurs ved fagsjukepleiar/spesialsjukepleiar Elisabeth Iversen
Kl. 13.10 Innfallsvinkel frå ein psykiater med 20 års røynsle frå LMS
Ved spesialist i psykiatri Tor Jacob Moe
Kl. 13.15 Steg for steg
Eit dikt av og med brukarmedverkar og rådgjevar Ove Vestheim
Mingling med kaffi og kake
Besøk dei ulike romma på LMS og bli kjende med aktivitetane og tilboda våre.
Det blir òg kunstutstilling med bilete måla av Hege Mathilde Kornberg Christensen.
