Tid og stad
- Når
-
- 04. sep. 2026, 09:00 - 13:00
- Type arrangement
- Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende
- Arrangør
- Kvar
- Lærings- og meistringssenteret
- Lærings og meistringssenteret Ulriksdal helsepark 4. etg. Ulriksdal 2
Målgruppe
Tilbod for deg med skulderplager og som har blitt vurdert av Ortopedisk poliklinikk.
Kostnadar
Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.
Servering
Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.
Om kurset
Kurset er ein kombinasjon av teoretisk og praktisk rettleiing med ortoped (lege), psykolog, fysioterapeut, ergoterapeut, NAV og brukarrepresentant.
Gjennom kurset vil du få ei betre forståing av dine skulderplager og årsak til desse. Du vil lære korleis du sjølv kan redusere skulderplagene. Du vil også få informasjon om dine rettar i forhold til arbeid og tilrettelegging.
Parkering
Det er parkering mot betaling i Ulriksdal Helsepark og parkeringsanlegga over vegen og ved Haraldsplass diakonale sykehus.
Kontakt
Vurderingspoliklinikk for skulder
55978707Andre datoar
-
Skulderskolen20.november2026