​Podcasten «Klokt om livet» - om livet og helsa i eit større perspektiv

Dette er ein podcast frå Lærings- og meistringssenteret i Bergen.

Kvinne med headsett sitter i rød stol med mikrofon på bord og intervjuer gjest. Foto

Er du nysgjerrig på korleis handtere motgang?

Psykologspesialist Cecilie Thorsen snakkar med kloke folk som deler sine historiar om å møte ulike utfordringar i livet eller helsa. Dei erfarer, lærer, navigerer og lever! Historiane er unike - tema er allmenne og relevante for oss alle.

I episodane møter du kjente og ukjente ansikt og deira historier. Dette er ein podcast som formidlar kunnskap og håp. Målet er at ved å lytte til andre sine historiar kan du bli klokare på deg sjølv.

Logo Podkast Klokt om livet.

Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Bergen - eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus

Lytt til podkasten Klokt om livet på Spotify

Lytt til podkasten Klokt om livet på Apple

​​

 

Sist oppdatert 11.09.2023