Pasienttryggleik

Seksjon for pasienttryggleik arbeider for å førebygge pasientskadar og ta lærdom av uønska hendingar. Seksjonen har ansvar for utviklar og tar del i implementering av system og verktøy for betre kvalitet og pasienttryggleik i føretaket. Seksjonen har også ansvar for Elektronisk Kvalitetshandbok (retningsliner og prosedyrar), Synergi (melding og handsaming av uønskte hendingar) og sekretariat for det sentrale kvalitets- og pasienttryggleiksutvalet. Seksjonen har og ansvar for å koordinere oppfølginga av nasjonale og regionale planar for pasienttryggleik, smittevern, legemidlar samt lokal risikohandtering i Helse Bergen. For meir informasjon, sjå nedst på sida.

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i U. et.

Jørgen Sandbergs hus

Jonas Lies vei 73 (Raudt hus i sykehusparken)

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Pasientsikkerheit