Pasienterfaringsundersøking

Sjukehuset spør deg via SMS

Vi treng dine erfaringar som pasient ved Haukeland universitetssjukehus for å bli betre. Via SMS inviterer vi deg til å svare på nokre spørsmål. Det gir deg moglegheit til å peike på kva som er bra, og kva vi må bli betre på.

bilde

​Når får du SMS?

Etter ein timeavtale eller eit opphald på sjukehuset vil dei fleste som er 18 år eller eldre, få ein SMS med ei lenke til denne pasienterfaringsundersøkinga. Meldinga har «Sjukehuset» som avsendar. 

Du vil maksimalt få ein SMS i månaden, uavhengig av kor mange gongar du har vore på sjukehuset. Det tar omtrent 3 minutt å svare, og det er mogeleg å legge til ein kommentar. Det er heilt frivillig å delta.

Du svarar anonymt

Når du svarar på spørsmåla er du anonym og ditt personvern er ivaretatt. Du kan ikkje identifiserast av helsepersonell eller andre tilsette på sjukehuset. 
Kommentarfeltet kan nyttast til generelle tilbakemeldingar. 
I kommentarfeltet må du ikkje skrive namn, fødselsnummer, telefonnummer eller andre ting som kan identifisere deg eller andre. Ikkje skriv detaljerte opplysningar om deg sjølv.

Kvifor spør vi deg?

I sjukehuset arbeider vi kontinuerleg med forbetring av våre tenester. Derfor ønskjer vi tilbakemelding frå så mange som mogeleg etter opphald på poliklinikk og sengepost. Svara samlast fortløpande i ein rapport som avdelingane kan analysere. Rapporten er ei rettesnor i forbetringsarbeidet på alle nivå i sjukehuset.

Du kan velje 

SMS sendast til personar som har mobiltelefonnummer registrert i journalsystemet til Haukeland universitetssjukehus. Svara dine vil være anonyme. Dersom du ikkje vil ta imot fleire tekstmeldingar med invitasjon til erfaringsundersøkingar, så kan du melde deg av når du får den første.


Spørsmål?

Kontakt​ ​Pål Frønsdal​ eller Inger Elise Engeland
Forsking og utviklingsavdelinga (FOU), Haukeland universitetssjukehus.




Sist oppdatert 07.06.2022