Angst og depresjon hos pasientar i alderen 80 år og eldre etter aortaklaffbehandling

Ein nyleg publisert artikkel frå PROCARD gruppa undersøkjer angst og depresjon hos pasientar med alvorleg aortastenose før invasiv behandling, og dessutan én- og seks-månader etter kirurgisk eller kateterbasert utskifting av aortaklaffen.

Publisert 10.10.2023
Sist oppdatert 28.10.2023

Aortaklaffen er hjarteklaffen som førar blodet ut i hovudpulsåra. Ein trong aortaklaff (aortastenose) fører til overbelastning av hjartet. Aortastenose er den vanlegaste hjarteklaffsjukdommen hos eldre pasientar og utan behandling vil tilstanden forverrast over tid. Erstatning av hjarteklaffen er ein effektiv metode for behandling av alvorleg aortastenose. Dette kan gjerast via transkateter aortaklaff implantasjon (TAVI) eller via open hjartekirurgi.

Ifølgje Verdas helseorganisasjon, er angst og depresjon blant dei vanlegaste psykiske lidingane blant den eldre delen av befolkninga. Likevel er det få studiar som fokuserer på mental helse etter hjarteinngrep hos dei eldste pasientane. Eide og medforfattarar følgjer 143 pasientar 80 år og eldre som blir behandla for alvorleg aortastenose og vurderte angst og depresjon preoperativt, og dessutan éin- og seks-månader etter behandling med TAVI eller kirurgisk aortaklaffeskifte (SAVR). Angst og depresjon vart vurdert med den norske versjonen av The Hospital Anxiety and Depression Scale.

Artikkelen viser at angst vart identifisert hos 11% av TAVI-pasientane ved baseline. Éin- og seks-månader seinare, var talet høvesvis 8% og 9%. I SAVR-gruppa hadde 18% av pasientane baseline-skår som indikerte angst. Tilstanden vart identifisert hos 11% og 9% av pasientane éin- og seks-månader seinare.

Depresjon vart identifisert hos 15% av TAVI-pasientar før behandlinga vart sett i gang. Éin og seks-månader seinare hadde 11% og 17% av desse pasientane teikn som indikerte depresjon. Ved baseline hadde 11% av SAVR-pasientane skår knytt til depresjon. Éin- og seks-månader etter behandlinga var tilsvarande prosentdelar 15% og 12%. Longitudinelle modellar viste signifikante reduksjonar (P<0.001) i angst før behandling til éin-månad, og stabile skår mellom éin- og seks-månader for begge behandlingsgrupper. Det var ingen teikn på endring for depresjon blant behandlingsgruppene (P=0.21).

Du kan lese heile artikkelen på nettsiden til Springer Link​ ​

Plakat med fakta frå studien om angst og depresjon for eldre pasientar etter aortaklaffoperasjon.
Grafene viser angst og depresjon hos pasientar med alvorleg aortastenose før invasiv behandling, og én- og seks-månader etter kirurgisk eller kateterbasert utskifting av aortaklaffen