Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Den store forskjellen

Torsdag 15.juni vart det halde debattmøte om NOU’s rapport om kvinnehelse og kjønnsforskjellar  i helse for fulle hus i Bikuben på Haukeland Universitetssjukehus

Publisert 16.06.2023
En gruppe kvinner som poserer for et bilde
Professor Tone M Norekvål, leder av PROCARD forskningsgruppe, HUS. Professor Christine Meyer, leder av utvalget NOU 5/23 om kvinnehelse. Professor Eva Gerdts, leder av Senter for forskning på hjertesykdom hos kvinner, UIB

I regi av Senter for forsking på hjartesjukdom hos kvinner ved Universitet i Bergen, leidde Eva Gerdts og Marit Sandberg an i livleg diskusjon om kva strategiar Haukeland Universitetssjukehus og Det Medisinske Fakultet ved Universitetet i Bergen legg til rette for å styrkja kunnskapsbrua, og sørgja for at forskingsresultat når fram til helsearbeidarar og helseprofesjonstudentar.


Sentralt for debatten var nødvendigheita av å bevega helse bort frå det kjønnsnøytrale, og anerkjenna at kvinners biologi og behandlingsbehov, medikamentsbruk og biverknader er annleis enn hos menn. Professor Christine Meyer sitt Kunnskapsbroen – en viktig del av Den store forskjellen  greidde ut biologiske, diagnostiske og sosiale forskjellar mellom kjønna, og drog linjer mellom status i samsvar med fagfelt og korleis dette blir reflektert i både yrkesval, pasienttilbod og ventetid på behandling. 

Mangel på kunnskap om kvinnehelse er systemisk, frå ein er student til erfaren forskar: kvinners unike og samansette fysiologi er ikkje ein del av pensum, og blir difor ikkje ein del av helsepersonells knippa av verktøy i møte med pasientar. Viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster, presenterte i innlegget Hvordan arbeider sykehuset med å etablere systemer for å ivareta et kjønnsperspektiv i beslutningsgrunnlaget på helse- og omsorgsfeltet, korleis Haukeland Universetssjukehus aktivt jobbar for å fremja stemmene og behova til kvinner i samsvar med eiga helse.

Dekan Per Bakke reflekterte over si eiga tid som student og mangel på ein heilskapleg synsvinkel på den kvinnelege kroppen, og konstaterte at heilt frå grunnutdanning av må me endra tankegang frå Rethos' ordlyd uavhengig av kjønn til tilpassa kjønn.

Etter innlegga vart det halde debatt, der både panel og publikum fekk moglegheit til å delta med spørsmål og kommentarar. Tema som engasjerer er korleis auka status på kvinners helse og kvinnesjukdommar, korleis sikre nok hender i framtida, korleis formidla kunnskap frå forsking til klinikk og til generell befolkning. 

Forskingsgruppeleiar for PROCARD​, Professor Tone M. Norekvål deltok i debatt​panelet. PROCARD set fokus på kvinnehelse både i CONCARDPCI​   og i eHjerteRehab.  
I CONCARD har Merete Hamre levert sin masteroppgåve om fatigue hjå kvinner som har gjennomgått PCI-behandling. Postdoktor Trond Pettersen arbeider med kjønnsskilnader relatert til biverknader av medisinar. Resultat frå dette arbeidet blir presentert på ESC kongressen i Amsterdam over sommaren. I eHjerteRehab har vi ei eige arbeidspakke som omhandlar kvinneperspektivet. Dette vert det arbeidd vidare med i utviklinga og evaluering av programmet. Det viktige arbeidet på ulike sider ved kvinnehelse skal fortsette.