Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

eHjerteRehab si hovudstudie er i gang!

eHjerteRehab har no teke eit viktig steg vidare. Etter at uttestingsfasen vart avslutta i januar 2026, starta hovudstudien 21. mai. Den første oppstartsdagen vart gjennomført 8. juni, og markerer starten på ein ny fase for prosjektet.

Publisert 19.06.2026
En mann og en kvinne i et rom med medisinsk utstyr
En mann og en kvinne sitter ved et bord med datamaskiner

eHjerteRehab er eit digitalt, heimebasert rehabiliteringsprogram for pasientar med hjartesjukdom. I hovudstudien blir deltakarane inkluderte i ein randomisert kontrollert studie, der nokre får full oppfølging gjennom det digitale rehabiliteringsprogrammet, medan andre får vanleg oppfølging.

Cardiopulmonary Exercise Test (CPET) er ein sentral del av kartlegginga ved oppstart. Testen gir viktig informasjon om fysisk kapasitet og korleis hjarte, lunger og muskulatur arbeider under belastning. I eHjerteRehab blir CPET gjennomført på tredemølle, både ved oppstart og ved avslutning av rehabiliteringsperioden, slik at forskarane kan undersøkje utvikling og effekt over tid.

Oppstarten av hovudstudien byggjer vidare på erfaringane frå uttestingsfasen og det faglege arbeidet som er gjort rundt CPET-testing i prosjektet. Nyleg arrangerte eHjerteRehab også eit kurs for å styrkje kompetansen på gjennomføring, tolking og praktisk bruk av CPET. Du kan lese meir om dette i saka  eHjerteRehab skjerpar fokus på CPET - Helse Bergen HF.

Forskingsgruppa ser fram til å inkludere fleire deltakarar i tida framover og til å undersøkje korleis digital, heimebasert rehabilitering kan bidra til betre oppfølging av pasientar etter hjartesjukdom.