eHjerteRehab skjerpar fokus på CPET
eHjerteRehab styrkjer kompetansen innan testing av fysisk kapasitet hos pasientar med hjartesjukdom gjennom eit nytt kurs. Kurset vart arrangert i samarbeid mellom eHjerteRehab og testmiljøet ved Barne- og ungdomsklinikken. Det vart leia av spesialsjukepleiar Kristin Rykkje-Johannessen og samla fagpersonar med ulik kompetanse innan fagfeltet.

eHjerteRehab er eit digitalt, heimebasert rehabiliteringsprogram for pasientar med hjartesjukdom. Du kan lese meir om prosjektet her.
Ved oppstart av eHjerteRehab gjennomfører pasientane ein Cardiopulmonary Exercise Test (CPET), ein avansert belastningstest som gir informasjon om fysisk kapasitet og om korleis hjarte, lunger og muskulatur arbeider under belastning. Slike belastningstestar blir ofte gjennomførte med ergometersykkel, medan eHjerteRehab har valt å utføre belastningstestane på tredemølle.
– Fordelen med dette er at det å gå er ein del av folk sitt vanlege bevegelsesmønster, og testen er derfor gjennomførbar for dei fleste, seier kursleiar Kristin Rykkje-Johannessen.
Djupare forståing for CPET
CPET er ein viktig del av kartlegginga av pasienten sin fysiske form og funksjon. Ved avslutninga av rehabiliteringsprogrammet blir testen gjennomført på nytt for å dokumentere endring og effekt av rehabiliteringa.
I den teoretiske delen av kurset bidrog kardiolog Asle Hirth med perspektiv på tolking og klinisk vurdering av data frå testane. Slik fekk deltakarane djupare forståing for korleis nyanserte analysar av resultata frå CPET kan brukast i vurdering, oppfølging og behandling av pasientar.
Fysioterapeut Sivert Helland Veseth bidrog med undervisning om teknisk utstyr og praktisk bruk av teknologien, mellom anna vedlikehald, koplingar, kalibrering, montering og feilsøking. Dette er viktig kompetanse i arbeid med sensitive instrument og avansert medisinsk utstyr.
CPET-testing med frivillige
Hovuddelen av kurset var ei praktisk gjennomføring av CPET-testing med frivillige, der ny kunnskap vart prøvd ut og utstyret testa.
Fysisk aktivitet er eitt av dei viktigaste førebyggjande tiltaka ein kan gjere for å redusere risikoen for nye hendingar. Under testinga fekk deltakarane erfare korleis pasientane gradvis blir pressa til høg belastning over kort tid.
– Å arbeide med CPET i eHjerteRehab er ein svært takknemleg jobb, seier spesialsjukepleiar og stipendiat Anniken Kjølseth.

Foto: Marie Hayes
Gledeleg å sjå forbetring hos pasientane
– Pasientane kjem til oss allereie to til fire veker etter hjartehendinga si, noko som gjer at ein sjølvsagt er ekstra merksam på å sjå til at dei oppfyller kriteria for å kunne gjennomføre testen. Det gjer vi gjennom samtale med pasienten, ved å måle spesifikke blodprøver, blodtrykk og ved å sjå på eventuelle endringar i EKG sidan dei var på sjukehuset.
– Mange blir overraska over at dei kan presse seg så hardt så kort tid etter ei hjartehending, noko som er forståeleg, seier Rykkje-Johannessen.
– Ingenting har vore meir gledeleg enn å sjå forbetring hos pasientane ved avslutninga av programmet.
Forskingsgruppa gleder seg over dei førebelse erfaringane frå feasibility-studien og ser fram til å teste endå fleire pasientar ved oppstart og avslutning av eHjerteRehab i tida framover.