EIN STUDIE FRÅ PROCARD FORSKNINGSGRUPPE

eHjerteRehab

I prosjektet eHjerteRehab skal det utviklast og testas ei ny digital hjarterehabilitering for pasientar som har gjennomgått utblokking av hjartets kransårer. eHjerteRehab er eit digitalt program som hjartepasientane skal følgje gjennom rehabiliteringa, heime i si eiga stove. Dette er eit multimodalt og tverrfagleg innovasjons- og forskningsprosjekt, med ulike arbeidspakkar og mange aktørar i arbeid.

Eldre mann ser på mobil. Foto

 

Portrett av Tone Norekvål
Prosjektleiar Tone M. Norekvål

 

Prosjektleiar: Tone M. Norekvål

Prosjektperiode: 2023 – 2027

Budsjett: 24 millionar

Finansiering: Norges Forskingsråd, Helse Vest, InnoMed

Følg oss: X/Twitter: @ProcardR / FB: PROCARD Forskningsgruppe

«Programmet har mange fellestrekk med hjarterehabilitering på sjukehuset, berre at pasienten kan gjere det når som helst og heime i si eiga stove»

Prosjektleiar Tone M. Norekvål.

 

 

I Noreg blir det behandla omlag 12 000 pasientar årleg med utblokking av hjartets kransårer (PCI). Trass i betre behandlingsmetodar lever desse pasientane med ein kronisk hjartesjukdom som har konsekvensar for både individ, helsevesen og samfunn. Hjarterehabilitering er sterkt tilrådd i internasjonale retningslinjer då det reduserer dødelegheit, reinnlegging og psykologisk stress, samt betrar eigenmeistring, helserelatert livskvalitet og fysisk kapasitet hjå pasientar med hjartesjukdom. 

Trass positive effektar av tverrfagleg multimodal hjarterehabilitering er deltaking nasjonalt så låg som 14%. Dette skuldast truleg ein kombinasjon av stort pasientvolum, lang reiseveg og få tilgjengelege rehabiliteringsprogram. Det er heller ingen systematikk i kva pasientar som vert henvist til hjarterehabilitering, og det er ikkje nødvendigvis dei som har det største behovet som vert henvist. Dette gjeld særleg dei multimorbide, eldre, kvinner, etniske minoritetar og pasientar med låg sosioøkonomisk status. 

Behovet for eit digitalt rehabiliteringstilbod vart særleg aktuelt då COVID -19 pandemien kom til Noreg i 2020. Då vart ulike stadlege rehabiliteringstilbod stengt ned. Pandemien har dermed bidrege til å synleggjera eit behov for å utvikla eit alternativ til tradisjonell hjarterehabilitering. Prosjektet vil ved bruk av innovative arbeidsformer, som digitale tenester, gjera hjarterehabilitering tilgjengeleg for alle.

eHjerteRehab prosjektet bygger vidare på CONCARDPCI-studien. Pasientforløpa er nøye studerte i CONCARDPCI, og dette inkluderer ei kunnskapsoppsummering av metodar for å implementera e-helse program for pasientar med hjarte- og karsjukdommar, fleire kvalitative intervjustudiar med pasientar og ein kohortstudie med over 3000 pasientar. No jobbar vi vidare for eit endå betre helsetilbod for ei stor gruppe pasientar. Prosjektet har fått tildelt 16 millionar i midlar frå Norges Forskingsråd til arbeidet, samt forskings- og innovasjonsmidlar frå Helse Vest.

 

Eit innovativt eHjerteRehab er eit digitalt behandlingstilbod som kan møta rehabiliteringsbehova til store pasientgrupper, uavhengig av tilgangen deira til tradisjonell hjarterehabilitering. 

Målsetnaden er å styrka pasienten si evne til å ta styring over eiga helse og gjera nødvendige livsstilsendringar for å førebygga nye hjartehendingar.

eHjerteRehab har potensial til å forbedre samhandling og samarbeid mellom primær- og spesialisthelsetjenesten, modernisere og digitalisere arbeidsprosesser, og utvikle mer sammenhengende og skreddersydde pasientforløp.  Vidare vil eHjerteRehab bidra til å redusera variasjon i kvalitet og tilgjengelegheit til hjarterehabilitering ved å vera eit omfattande digitalt rehabiliteringsprogram basert på internasjonale retningslinjer og pasientane sine preferansar.​ Visjonen til eHjerteRehab er å gjøre hjerterehabilitering tilgjengelig for alle.

​Vi arbeider tett saman med Seksjon for eHelse og Helse Vest IKT. Pasientar vil få tilbod om eHjerteRehab etter at dei har vorte henvist av lege. eHjerteRehab vil vera tilgjengeleg med BankID-innlogging, og kan brukast på PC, smarttelefon eller nettbrett. Løysinga gjer det mogleg å ha digital kommunikasjon mellom pasient og helsepersonell som tek vare på  personvernomsyn.

Vi har vektlagt å involvera brukarar i planlegging og utforming av dette nye helsetenestetilbodet. Utdannings- og informasjonsmateriell som blir tilbode inkluderer rådgjeving og organisert helseinformasjon etter preferansane til pasientane, t.d. skriftleg materiale tilpassa lesenivå, samt visuelle element og videoar. Her samarbeider vi i eit tverrfagleg team for å sikra at informasjonsmaterialet er forskingsbasert og oppdatert. 



eHjerteRehab-studien er organisert med Styringsgruppe, Prosjektgruppe, Scientific Advisory Board, Brukargruppe, og Ekspertgruppe med representantar frå spesialist- og primærhelsetenestene, samarbeidande kommunar, samt andre viktige samarbeidspartnarar.

Arbeidspakkar (WP) i studien 

WP 0 

Denne arbeidspakken skal utvikle og teste programmet eHjerteRehab.

Arbeidspakkeleiar: Professor Tone M Norekvål

WP 1 

Denne arbeidspakken skal undersøke pasientrelaterte utfordringar knytt til alder, kjønn, komorbiditet og mental helse.

Arbeidspakkeleiar WP 1.1 (alder): Professor Tone M Norekvål  

Arbeidspakkeleiar WP 1.2 (kvinner): Professor Eva Gerdts

Arbeidspakkeleiar WP 1.3 (komorbiditet): Professor Marjolein Iversen

Arbeidspakkeleiar WP 1.4 (mental helse): Professor Christian Moltu

WP 2 

Denne arbeidspakken skal undersøke systemrelaterte utfordringar knytt til kontinuitet i helsetenesta, helsekompetanse og digital helsekompetanse, etterleving (av medikament og livstilsråd), samfunnsøkonomi og etikk.

Arbeidspakkeleiar WP 2.1 (kontinuitet): 1. amanuensis Irene Valaker

Arbeidspakkeleiar WP 2.2 (helsekompetanse): Professor Tone M Norekvål

Arbeidspakkeleiar WP 2.3 (etterleving): Professor Jan Schjøtt

Arbeidspakkeleiar WP 2.4 (samfunnsøkonomi): 1. amanuensis Janet MacNeil Vroomen

Arbeidspakkeleiar WP 2.5 (etikk): 1. amanuensis Leonora Onarheim Bergsjø

Scientific Advisory Board

International Scientific Advisory Board
Heather Allore, PhD, Professor of Medicine (Geriatrics) and of Public Health (Biostatistics), and Director of the Yale Program on Aging Biostatistics Core, Yale University, USA
Christi Deaton, PhD, RN, FAHA, FESC, Florence Nightingale Foundation Professor of Clinical Nursing Research, University of Cambridge, UK
Heather Hadjistavropoulos, PhD, Professor of Psychology, University of Regina, CA  
Ann Dorthe Zwisler, MD, PhD, Professor of Medicine, University of Odense, DK
Maria Bäck, PT, PhD, Associate professor of physiotherapy. Sahlgrenska University Hospital, SE
Robyn Gallagher, RN, PhD, Professor of Nursing, University of Sydney, AU. Chair, International Council of Cardiovascular Prevention and Rehabilitation.

Ekspertgruppe 

Gjennom jamnlege møte i Ekspertgruppa har prosjektet etablert eit breitt samarbeid mot pasientar, brukarorganisasjonar og teknologimiljø kor hovudfokus har vore å meisla ut ein e-helse intervensjon knytt opp mot rehabilitering.

Samarbeidspartnarar 

Bergen kommune

Helse Førde HF

Helse Møre og Romsdal HF

Helse Vest IKT

Høgskulen på Vestlandet

LHL Bergen

Masfjorden kommune

Sogndal kommune

St. Olavs Hospital

Sunnfjord kommune

Universitetet i Bergen

Youwell AS

 

Forskingsleiar: professor Tone M Norekvål

Prosjektkoordinator: postdoktor Trond Røed Pettersen

Kva er rett og kva er galt i digital heimeoppfølging?

Nasjonalt senter for e-helseforskning har en webinarserie om digital heimeoppfølging. I nyaste episode deltok Trond Røed Pettersen og Leonora Bergsjø frå eHjerteRehab, og tema for webinaret var digital etikk i heimeoppfølging.

Les meir og sjå opptak frå webinar
En mann og en kvinne som smiler

Kick off for eHjerteRehab

I starten av desember var det Kick off for NFR-finansierte eHjerteRehab. Helsepersonell på tvers av avdelingar og sektorar, hjartepasientar og deira pårørande, samt samarbeidspartnarar var invitert til heildagsseminar i Bikuben på Haukeland universitetssjukehus.

Les meir
En gruppe mennesker som sitter ved bordene

16 millionar til eHjerteRehab

Norges forskningsråd har tildelt 16 millionar kroner til digital rehabilitering av hjartepasientar gjennom prosjektet eHjerteRehab.

Les meir om tildelinga og prosjektet eHjerteRehab
Eldre mann i treningsklær ser på mobilen

Stormøte i eHjerteRehab

Den 17.november 2022 vart det heldt stormøte i eHjerteRehab. Hjartepasientar og deira pårørande, samt alle som jobbar med pasientgruppa vart invitert til seminar i Bikuben, Haukeland universitetssjukehus.
Les meir om eHjerteRehab-seminaret
Prosjektleiar Tone Norekvål på scenen foran forsamling i konferanselokale, presentasjon om ehjerterehabilitering på skjerm. Foto

eHjerteRehab presentert for sjukehusleiinga

Prosjektleiar professor Tone M Norekvål fikk nyleg moglegheit til å presentere eHjerteRehab på Nivå 2/3-leiarmøte i Helse Bergen. På møtet blei det presentert korleis helsehjelp kan gis på nytt vis og kvifor dette er viktig.
Les meir
Kvinne som får konsultasjon fra lege via nettbrett.
Sist oppdatert 14.03.2024