Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Portrettintervju med Christian Moltu

En liten prat med Christian Moltu

Gjennom ein serie portrettintervju får du sjansen til å bli litt betre kjent med menneska som jobbar med prosjektet eHjerteRehab. Denne gongen har vi snakka med Christian Moltu.

Publisert 06.11.2025
En mann som smiler til kameraet
Psykolog og forskar Christian Moltu. Foto: Francesco Solbakk

Fortel oss litt om deg sjølv 

Eg heiter Christian Moltu, og er forskingsleiar ved Psykisk Helsevern i Helse Førde, og professor II ved Høgskulen på Vestlandet. 

Kan du fortelje oss litt om di rolle i prosjektet? 

Eg har ansvar for arbeidspakken som handlar om psykisk helse. Som psykolog er eg særleg oppteken av korleis psykisk helse og psykisk velvære er ein del av alle livsområde – også når sjukdom rammar. I eHjerteRehab er eg ansvarleg for å utvikle og forske på korleis tiltak for psykisk helse i e-rehabiliteringsprogrammet kan støtte, hjelpe og styrke dei det gjeld, i deira prosess mot betre helse, tryggleik og livskvalitet. Forhåpentlegvis vil arbeidspakken bidra til at deltakarane får ei heilskapleg tilnærming til rehabilitering, der kropp og sinn blir sett i samanheng. 

Kvifor er dette prosjektet viktig? 

Hjarte- og karsjukdom kan vere ei stor krise i livet til eit menneske. Etter vellukka behandling treng mange støtte og rehabilitering for å finne att tryggleiken og livskvaliteten dei hadde før sjukdomen. Ein bør ikkje bli ståande åleine etter den akutte fasen, men vi ser at det berre er eit mindretal som deltek i fysisk rehabiliteringsprogram. Det å ikkje få kontinuerleg støtte, tilskot til helsekompetanse og fagleg monitorering kan føre med seg risikoar for den enkelte. No er tida inne for å tilby betre tenester – digitalt! 

Kva inneber arbeidspakken din? 

Psykisk helse handlar ikkje berre om psykiatriske lidingar – det handlar om vanlege prosessar som å meistre, finne meining, føle seg trygg i staden for redd, og så vidare. Det er heilt normalt å reagere med sorg og uro på store hendingar i livet. Arbeidspakken handlar ikkje om sjukdom, men om det normale. Og dei vanlege behova som følgjer med krevjande livshendingar og kriser. Eg håpar arbeidspakken kan bidra til at alle involverte snakkar godt og ope om behova og reaksjonane som kjem når livet slår, på ein måte som støttar og tryggar tilfrisking. 

Fun fact! 

Eg har eit lite småbruk ved sjøen, og har tidlegare hatt geiter. Eg elska å vere med dei. Når livet blir litt rolegare, kjem eg til å ha geiter igjen – dei beste dyra som nokon gong er "oppfunne"!