Internasjonal forskingspris til Tone Norekvål

Professor Tone Merete Norekvål frå Hjarteavdelinga fekk internasjonal forskingspris  under årets ESC Congress i London sist veke. 

Publisert 04.09.2024
Sist oppdatert 05.09.2024
Gruppebilde av helsepersonell på helikopterplattform

ESC-kongressen er den årlege kongressen til European Society of Cardiology, verdas største hjartekongress. Kongressen  samlar over 30 000 aktive deltakarar og blir arrangert  i august/september kvart år. Det nyaste og fremste av forsking og behandling innan hjartehelse blir presentert og diskutert her. 

Forskingsprisen og det tilhøyrande prisføredraget ESC Florence Nightingale Lecture in Nurse-Led Research er ein av dei prestisjetunge hovudpresentasjonane på kongressen. Prisen er oppkalla etter Florence Nightingale, grunnleggaren av moderne sjukepleie og ein pioner innan arbeid med helsereform. 

Prisen anerkjenner og feirar framifrå leiarar, innovatørar og bidragsytarar innan sjukepleie og andre helseyrke. Den som held prisforedraget får i tillegg ESC sin sølvmedalje, også det  ei høgthengande utmerking. 

Norekvål er grunnleggar og leiar av forskingsgruppa PROCARD (Patient-Reported Outcomes in Cardiology), som undersøkjer korleis pasientar med akutt- og kronisk hjartesjukdom opplever behandling og oppfølging i primær- og spesialisthelsetenesta. Særskild i forskinga til PROCARD er at pasienten si stemme vert løfta gjennom pasientrapporterte data kopla med kliniske data, bruk av multiple metodar og datakjelder og samarbeid på tvers av faggrenser. Norekvål har leia mange store forskingsprosjekt, seinast eHjerteRehab, som er eit forskings- og innovasjonsprosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd der forskarane utviklar eit digitalt rehabiliteringsprogram for hjartepasientar. Med forsking av høg kvalitet og pasienten i fokus har Norekvål sitt banebrytande arbeid innan kardiologisk sjukepleie og pasientbehandling bidratt til å fostre neste generasjon forskarar.   

 

Les meir om PROCARD 

 

Norekvål på scenen
Norekvål held prisforedraget.

  

Norekvål sitt foredrag under ESC-kongressen; Building research capacities in clinical nurse-led research: patient-reported outcomes at the core diskuterte korleis behandlinga kan optimaliserast ved at pasienten er deltakande i behandlinga og kor viktig det er å integrere pasientstemma i klinisk forsking. 

Her kan du lese meir om foredraget: 
ESC Florence Nightingale Lecture in Nurse-Led Research (escardio.org) 

Også Dagens Medisin har omtalt prisen:
Norekvål hedret med pris under ESC-kongressen (dagensmedisin.no)