Health literacy in patients with coronary artery disease following percutaneous coronary intervention

Gunhild Brørs disputerte 22.9.2023 for Ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Health literacy in patients with coronary artery disease following percutaneous coronary intervention».

Publisert 04.10.2023
Sist oppdatert 06.10.2023
Gruppebilde av disputanten med opponenter. Foto
Foto: Marie N. Hayes

Gunhild Brørs er den tredje kandidaten som disputerer på data frå den prospektive multisenter kohortstudien CONCARDPCI, som inkluderte 3417 pasientar som fekk utført perkutan koronar intervensjon (PCI) ved sju norske og danske universitetssjukehus. 

Les meir om CONCARDPCI

Elektronisk helseteknologi (eHelse) gir helsetenesta nye moglegheiter innan vidareutvikling av oppfølgingsprogram for pasientar med etablert koronar hjartesjukdom. Vidare er optimalisering av helsekompetanse omtalt som ein essensiell faktor for å lykkast innan førebygging av sjukdom. For å forstå moglegheiter innan eHelseteknologi og helsekompetanse hjå pasientar med koronar hjartesjukdom, må kunnskapsgapet som eksisterer blir lukka. 

Avhandlinga består av fire delstudiar. Det overordna målet med avhandlinga var å beskriva effekten av sekundærførebyggjande eHelseprogrammer for pasientar med koronar hjartesjukdom, og å undersøkja helsekompetanse, eHelsekompetanse og risikofaktorar blant pasientar etter utblokking av koronararterien (PCI). I studie 1 vart systematisk kunnskapsoppsummering brukt til å beskriva effekt av sekundærførebyggjande eHelseprogrammer. Studien viste at sekundærførebyggjande eHelseprogrammer har positiv innverknad på helseutfall. Tre studiar vart utførte baserte på data frå CONCARDPCI-prosjektet. Studie 2 vurderte måleeigenskapar for den norske utgåva av spørjeskjemaet eHealth literacy scale (eHEALS) (n=1695) og fann tilfredsstillande måleeigenskapar. Studie 3 og 4 fann at nøkkelaspektar av helsekompetanse og eHelsekompetanse var assosiert med åtferdsmessige og psykologiske risikofaktorar for koronar hjartesjukdom frå baseline til 6 og 12 månader etter PCI. Samla viste resultata at det bør takast omsyn til helsekompetanse og eHelsekompetanse ved utvikling av sekundærførebyggjande eHelseprogrammer etter PCI.

Dipsutanten ved podium i førelesingssal. Foto

Foto: Marie N. Hayes

Oppgitt emne for prøveforelesinga var «Changes in Cardiovascular disease incidence in a global perspective and further possibilities for primary prevention». Brørs heldt ein flott, informativ og godt illustrert førelesning om emnet. 

Disputanten og professor Stig Harthug som leia disputasen ved podium. Foto

Foto: Marie N. Hayes

Professor Stig Hartug leidde disputasen. 1. opponent var professor Anita Kärner Köhler frå  Linköping Universitet i Sverige, og 2. opponent var professor Henrik Schirmer, frå Universitetet i Oslo. Førsteamanuensis Venny Lise Kvalheim frå Universitetet i Bergen var leder av komiteen. Opponentane hadde førebudd seg godt, og med gode og klinisk relevante spørsmål ble det ein god og vitskapeleg diskusjon. Kandidaten fekk vist fram sin kunnskap og det gode arbeidet ho hadde lagt ned i studien på ein utmerka måte. 

Disputanten og opponent. Foto

Foto: Marie N. Hayes

Disputanten får klem av kvinne. Foto

Foto: Marie N. Hayes

Gunhild Brørs jobbar som kvalitetsrådgivar og spesialsjukepleiar ved Klinikk for hjartemedisin, St. Olavs hospital. I perioden 2020-2023 har ho vore Ph.d.-kandidat ved Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet utgår frå Det medisinske fakultetet, Klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen. Professor Tone M. Norekvål har vært hovudrettleiar, medan professor Bengt Fridlund og professor Håvard Dalen har vore medrettleiarar. Brørs er utdanna sjukepleiar, med vidareutdanning i kardiologisk sjukepleie, og master i klinisk sjukepleie. 

Gruppebilde av disputanten og andre. Foto

Foto: Marie N. Hayes​