Helse er ikkje kjønnsnøytralt – kan e-helse bli det?
Under Arendalsveka arrangerte vi ein panelsamtale om kjønnsforskjellar i helse, og korleis digitalisering av helsetenester kan bidra til meir likeverdige løysingar.

Prosjektleiar Tone M. Norekvål opna arrangementet saman med arbeidspakkeleiarar i eHjerteRehab, Eva Gerdts og Leonora Onarheim Bergsjø. Dei presenterte døme frå hjartehelse og frå digitale helsetenester og digital heimeoppfølging, med særleg fokus på etiske problemstillingar.
I panelsamtalen deltok òg Ellen Rønning-Arnesen, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Helén Botnevik, 1. nestleiar i Norske Kvinners Sanitetsforening, og Magne Wang Fredriksen, generalsekretær i LHL.
Diskusjonen tok utgangspunkt i NOU 2023:5 «Den store forskjellen», der Kvinnehelseutvalet peika på korleis kvinner framleis møter systematiske forskjellar i diagnose og behandling. Panelet drøfta kva som må til for at digitalisering ikkje skal forsterke desse skilnadene, men tvert imot bidra til betre løysingar for alle.
Gjennom panelsamtalen kom det fram fleire konkrete forslag til korleis eksisterande skeivskapar kan rettast opp:
· Kjønnsforskjellar i utvikling, symptom og behandling av hjartesjukdom må inn i pensum og undervisning for legestudentar.
· For å sikre fleire tilgang til digital rehabilitering bør refusjonsordningar for digitale helsetenester bli betre.
· Forslaga i NOU 2023:5 må følgjast systematisk opp gjennom klare krav til helseføretaka.
I tillegg vart det løfta fram gode førebyggjande strakstiltak som folk kan gjere sjølv:
· Kvinner bør måle blodtrykket sitt minst ein gong i året, og behandle høgt blodtrykk.
· Både kvinner og menn bør lære seg å kjenne att symptom på hjarteinfarkt som ofte viser seg annleis hos kvinner, og ikkje vente med å ringje 113 dersom dei opplever desse.
– På tide å ta kvinners hjartehelse på alvor, var ein av dei tydelege bodskapa frå samtalen.
Arrangementet var i regi av Senter for e-helse ved Universitetet i Agder, og fann stad i UiA-teltet. Det vart arrangert i samarbeid med Universitetet i Bergen, Høgskolen i Østfold, Norske Kvinners Sanitetsforening, Norsk råd for digital etikk, LHL, Høgskulen på Vestlandet og Haukeland universitetssjukehus.