Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kjønnsforskjellar i førekomst av sjølvrapporterte biverknader

Under årets European Society of Cardiology kongress deltok Trond Røed Pettersen i Nursing and Allied Professions Investigator Award Session i konkurranse med forskarar frå Japan og Tyskland. Her vann Røed Pettersen pris for foredraget sitt om kjønnsforskjellar i førekomst av sjølvrapporterte biverknadar.

Publisert 17.10.2023
Sist oppdatert 28.10.2023

​Årets European Society of Cardiology kongress gjekk av stabelen 25.-28.august i Amsterdam. PROCARD forskingsgruppe var godt representert under kongressen. Medlemmar frå gruppa var blant anna invitert til å halde foredrag, moderated ePoster innlegg og chairoppdrag. 

Gruppebilde av tre menn, mann i midten held eit diplom.
Etter eit strålande foredrag vart Trond i (midten) kåra som vinnar av ESC Nursing and Allied Professions Investigator Award 2023. 

Trond Røed Pettersen presenterte sitt abstract “Sex differences in incidence of self-reported adverse drug reactions after percutaneous coronary interventions” i Nursing and Allied Professions Investigator Award session. Til denne sesjonen vart det valt ut tre finalistar som presenterte forskinga si i eit munnleg framlegg for to dommarar og publikum, med etterfølgjande spørsmål frå dommarane.

I CONCARDPCI-studien fann me at over 40% av pasientane rapporterte å ha opplevd biverknader frå anbefalt behandling ved all tre måletidspunkt. Vidare rapporterte kvinner signifikant fleire biverknader frå alle 17 førehandsdefinerte organsystem, med unntak av kjønnsorgan, samanlikna med menn. Kvinner opplevde òg oftare biverknader som førte til kontakt med helsevesenet, inkludert apotek, fastlege, akuttmottak og sjukehus, samanlikna med menn. Likevel fekk kvinner sjeldnare informasjon om potensielle biverknader frå anbefalt behandling enn menn 

Etter eit strålande foredrag vart Trond kåra som vinnar av ESC Nursing and Allied Professions Investigator Award 2023. ​