Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Låg etterleving av europeiske retningslinjer om deltaking i hjarterehabilitering i Noreg

Det blei nyleg publisert ei viktig nyheitssak i Dagens Medisin om kor få norske hjarteinfarktoverlevarar som deltek på hjarterehabilitering. Saken er basert på ein artikkel som blei publisert i november i European Journal of Preventive Cardiology.

Publisert 29.11.2023
En mann som holder en manual og får hjelp av en kvinne

Førsteforfattar på artikkelen som vart publisert i European Journal of Preventive Cardiology, PROCARD-forskingsgruppeleiar professor Tone M. Norekvål har uttalt seg om registeranalysen som viser at berre 14 prosent deltek på sterkt anbefalt oppfølging etter at dei er utskriven frå sjukehus. Analysen byggjer på data frå Norsk pasientregister og Kommunalt pasient- og brukarregister frå perioden 2018-2022.

Resultata er urovekkande sidan hjarterehabilitering er ein klasse 1A-tilråding i europeiske retningslinjer. Ein slik tilråding etterlèt ikkje nokon tvil om effektiviteten tverrfagleg multimodal hjarterehabilitering retta mot effektiv risikofaktorstyring. I tillegg er slik hjarterehabilitering kostnadseffektivt, som er nok eit argument for å forbetra dagens situasjonen. 

Artikkelen i Dagens Medisin kan lesast her: Studie: Få norske hjerteinfarktoverlevere får anbefalt hjerterehabilitering (dagensmedisin.no)

Artikkelen i European Journal of preventive Cardiology kan lesast her: Cardiac rehabilitation participation within 6 months of discharge in 37 136 myocardial infarction survivors: a nationwide registry study | European Journal of Preventive Cardiology | Oxford Academic (oup.com)

Resultata frå studien vært presentert på gratis webinar fredag 1. desember i lunsjtiden. 

Scann QR-koden der det er lagt inn lenke til Teams-møte. Eller bruk denne lenka: Lenkje til Microsoft Teams-møtet: Webinar - Likeverdige helsetenester - uansett kor du bur? Helseatlas for hjarteinfarkt

 

Bilde med program for webinar og QR kode for påmelding
Bildetekst