Pasientsentrert pleie og behandling av pasientar med ventrikulære arytmiar og risiko for brå hjartedød
Ny artikkel kommenterer på ESC Guidelines 2015 og inklusjon av anbefalingar grunna i forsking på pasientrapporterte data.
Norekvål deltok i ekspertgruppa som utarbeidde dei siste retningslinjene frå ESC på feltet i 2015.
Saman med to andre deltakarar i ekspertgruppa har ho no publisert denne artikkelen som diskuterer den nyaste forskinga innan feltet, og set fokus på viktige tema for sjukepleiarar og det øvrige teamet som deltek i pleie og behandling av desse pasientane.
Ei av dei nye anbefalingane inkludert i desse retningslinjene er at konsekvensar for livskvalitet skal diskuterast med pasienten før implantasjon av ICD.
Denne Klasse 1-anbefalinga er også på lista over 10-på-topp anbefalingar frå desse guidelines. Eit viktig kapittel er også omtale av tilhøve rundt livets slutt, og vurderingar knytt til deaktivering av ICD’en.
Les heile artikkelen her: https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/28372463