Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

eHjerteRehab

Ein prat med Eva Gerdts

Gjennom ein serie portrettintervju får du sjansen til å bli litt betre kjent med menneska som jobbar med prosjektet eHjerteRehab. Denne gongen har vi snakka med Eva Gerdts.

Publisert 23.09.2025
En person som bruker briller

Foto: Helse Bergen

Fortel oss litt om deg sjølv 

Eg er professor i kardiologi ved Universitetet i Bergen og overlege ved avdeling for hjartesjukdomar, Haukeland universitetssjukehus. 

Kan du fortelje oss litt om di rolle i prosjektet?  

Eg er medlem av prosjektleiingsgruppa. Mi rolle i prosjektet er å leie arbeidspakken med fokus på ‘Kvinner’. Dette er viktig for å sikre at kvinner og menn vert likt rekrutterte til prosjektet, og at studiedokumenta er relevante og forståelege for kvinner.  

Kvifor er dette prosjektet viktig?  

Fordelane med hjarterehabilitering (HR) er godt dokumenterte, men mindre enn 25 % av alle kvalifiserte hjartepasientar deltek i HR, og fråfallsraten er om lag 50 %. Særleg få kvinner melder seg på HR. Sidan deltaking i HR er assosiert med redusert risiko for ny sjukehusinnlegging og død etter eit hjarteinfarkt, er det viktig å forstå kvifor så få fullfører HR. Dette må gjerast på ein kjønsspesifikk måte, sidan både personlege og helsesystemrelaterte faktorar kan påverke deltaking og fullføring hos kvinner og menn på ulikt vis.  

Kva inneber arbeidspakken din?  

Arbeidspakken min handlar om kvinner, og om kvinner og menn som er med i programmet skil seg når det gjeld fullføring av programmet, helsekompetanse, e-helsekompetanse og etterleving av førebyggingsstrategiar. Av særleg relevans er det å forstå skilnaden mellom kjønna når det gjeld interesse for HR.

Sidan høgt blodtrykk (hypertensjon) er spesielt skadeleg for hjartet til kvinner, er eg spesielt interessert i blodtrykkskontroll både ved start og ved avsluttande studieoppsøk. Relevante aspekt her er korleis studiepersonalet handterer høgt blodtrykk, og om kvinnelege og mannlege deltakarar skil seg når det gjeld helsekompetanse, medisinetterleving og engasjement i blodtrykksmålingar heime.  

Fun fact!

Då eg var ung lege og blei interessert i kjønnsforskjellar ved hjartesjukdom, råda mentorane mine meg til å gløyme dei ‘dumme’ ideane mine, medan mine kvinnelege pasientar oppmuntra meg til å følge mitt spor. Så glad for at eg lytta til pasientane mine!  

Fakta

  • Eva Gerdts er blant forfattarane av dei nye europeiske retningslinjene for behandling av høgt blodtrykk utgjevne av European Society of Cardiology.
  • Dei nye retningslinjene tilrår tidleg oppstart av blodtrykksenkande medisinar straks blodtrykket er over 140/90 mmHg, og meir intensiv behandling, slik at blodtrykket blir halde lågare enn 130/80 mmHg hos alle som toler det. Dette vil gje betre vern mot hjartesjukdom.  

Les dei nye retningslinjene publisert i European Heart Journal (academic.oup.com)