Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
01.06.2026

Sterk PROCARD innsats på #ACNAP2026

PROCARD forskingsgruppe var godt representert under kongressen for ESC Association of Cardiovascular Nursing and Allied Professions (ACNAP), som vart arrangert 12.–13. juni i European Heart House i Sophia Antipolis i Frankrike. Kongressen er ein viktig internasjonal møteplass for forskarar og helsepersonell innan hjartehelse. Her møtes ein i varme og flotte omgjevnader og får oppdatert forsking, med gode mogelegheiter for nettverksbygging.

Publisert 01.07.2026
Procard forskningsgruppe på Kongress

 

Under kongressen bidrog PROCARD med fleire føredrag og posterpresentasjonar. Allereie første dag hadde forskingsgruppa seks faglege bidrag, med gode diskusjonar, nyttige tilbakemeldingar og fagleg utveksling med kollegaer frå fleire land. Den store deltakinga på ACNAP2026 viser breidda i PROCARD si forsking, frå digital helse og pasientoppfølging til rehabilitering, pasientrapporterte utfall og avansert hjartebehandling.

Fleire stipendiatar la fram forskingsarbeid under kongressen. Lotte Pannekoeke presenterte om kontinuitet i helsetenesta for hjartepasientar, medan Kristin Johnsen Ramstad presenterte resultat frå oversettelsen av the Digital Health Readiness Questionnaire. Instrumentet er i stor grad lett å forstå og egna for bruk, men tolkinga av sentrale begrep (som digital teknologi, ferdigheiter og informasjonskvalitet) varierar. Dette understrekar behovet for ein presis og tilpassa ordlyd. Hege Andersen skildra funn om kjenneteikn ved 90-åringar med 10-årsoverleving etter TAVI og SAVR, og Anniken Juvik Kjølseth la fram forsking om hjartesjukdom og diabetes etter gjennomgått PCI. Alle pasienter rapporterte betre livskvalitet over tid etter PCI, og det var ingen ulikskap mellom pasientar med og utan diabetes. Imidlertid hadde pasientar med diabetes mindre betring i fysisk helse over tid. Vidare presenterte stipendiat Katrine Naranjo forsking om kosthald hjå pasientar som har gjennomgått PCI, og stipendiat Hanne Flagtvedt fortalde om digitale konsultasjonar i eHjerteRehab.

Også mastergradsarbeid frå Høgskulen på Vestlandet vart løfta fram internasjonalt. Førsteamanuensis Trond R. Pettersen presenterte resultat frå Aase Rusten sitt masterarbeid om insomni etter avansert hjartebehandling. Insomnisymptom er svært utbreidd etter PCI, spesielt blant kvinner, vedvarer over tid og er relatert til dårlegare psykisk helse hjå både menn og kvinner. Artikkelen frå dette arbeidet er nyleg akseptert for publisering i Journal of Patient-Reported Outcomes. Trond Pettersen la også fram resultat frå Kristian Fossheim Karlsen sitt masterarbeid om brystsmerter inntil eitt år etter PCI. Sjølv om PCI effektivt betrar utfallet for mange pasientar, har ein betydeleg andel av pasientane restsymptomer etter behandling som vil kreve ytterligare bruk av helsetjnester. Karoline Høgset Fjørtoft presenterte resultat frå sitt masterarbeid om bruk av digitale helsetenester hjå eldre pasientar som har fått skifta hjarteklaff. Førsteamanuensis og viseinstituttleiar ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap, Oda Nordfonn, la fram om bruk av personas i digital innovasjon. Tilnærminga bidrog til å identifisere og imøtekomme ulike helsebehov for ulike sluttbrukarar, og bidrog til skreddarsydd innhald og funksjonalitet i programmet, og reduserte ulikheter i høve å få tilbud et digitalt hjerterehabiliteringsprogram. Spesialsjukepleiar i kardiologisk sjukepleie Kristin Rykkje-Johannesen, leia ein workshop om observasjonar og tiltak ved radial og femoral tilgang ved PCI, med praktisk demonstrasjon. Professor Tone M. Norekvål presenterte om Takotsubo kardiomyopati, også kjend som «broken heart syndrome», der hjartemuskelen sviktar ofte etter sterk fysisk eller emosjonell belastning. Tilstanden opptrer oftast hjå kvinner. Dette er eit nordisk prosjekt leia frå Rikshospitalet i København der PROCARD er med frå Haukeland.

Dette viser breidden i viktige forskningstema det vert arbeidd med i PROCARD, og stor produktivitet som når internasjonalt nivå.