Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stormøte for eHjerteRehab 2025: Framtidas helseteneste er her

Den 4. desember vart Bikuben på Haukeland Universitetssjukehus fylt av engasjerte fagfolk, leiarar, pasientar og pårørande til det tredje stormøtet for eHjerteRehab. Dette var ikkje berre eit stormøte, men eit tydeleg signal om at framtidas helseteneste er i ferd med å ta form.

Publisert 11.12.2025
En gruppe mennesker som sitter i et rom med bærbare datamaskiner

Gjennom ein dag med forskingsformidling, erfaringsdeling og gode diskusjonar vart det klart: eHjerteRehab er meir enn eit prosjekt. Det er ein del av framtidas helseteneste.

Prosjektleiar og professor Tone M. Norekvål opna dagen med ei klar melding: Vi har no 50 pasientar som har gjennomført programmet. Det gir oss eit solid fundament og verdifulle erfaringar å byggje vidare på. Hovudbodskapen er enkel, men kraftfull. eHjerteRehab kombinerer innovasjon, behandling og forsking samtidig. Dette er sjeldan kost i helsetenesta, og det gjer prosjektet til ein pioner på sitt felt.

,
Professor Tone M. Norekvål  Foto: Marie Hayes

Gjennom dagen vart det løfta fram korleis digital hjarterehabilitering ikkje berre handlar om teknologi, men om menneske. Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør i Helse Bergen, framheva prosjektet som eit førebilete for korleis digitale helsetenester kan skape reell verdi for pasientane. Ho understreka at eHjerteRehab viser veg for ei helseteneste som er både moderne og berekraftig, der pasientane får trygg, kunnskapsbasert oppfølging, uavhengig av geografi. 

Samtidig peika ho på kor viktig forsking er for å undersøkje effekt når nye helsetenester blir utvikla. Dette poenget blei teke opp att av leiaren for digitale helsetenester, Geir Granerud, som skildra korleis digital helse no markerer starten på ei ny æra for pasientbehandling. I samsvar med strategien til Helse Vest for 2023–2026 skal digitale helsetenester, som eHjerteRehab, bidra til at fleire pasientar kan få god og tilpassa helsehjelp og oppleve auka meistring og involvering i eiga helse. Samstundes skal helsepersonell oppleve ein enklare arbeidskvardag.

Grafisk brukergrensesnitt

Clara Gjesdal Foto: Marie Hayes

Innlegga frå både fagpersonar og brukarrepresentant gav eit breitt bilete av kva som står på spel og kva moglegheiter som ligg framfor oss. Frå etiske refleksjonar om digital inkludering og kunstig intelligens til praktiske erfaringar med trening og ernæring, vart det tydeleg at eHjerteRehab famnar heile spekteret av pasientbehandling. Vi fekk høyre om samanhengen mellom hjartesjukdom og diabetes, om kolesterol hos kvinner som framleis er ein undervurdert risikofaktor for hjartesjukdom, og om korleis små endringar i kosthaldet kan gi store helsegevinstar. Kommunane si rolle vart løfta fram som avgjerande for å lukkast med sekundærførebygging, og Helsedirektoratet peikte på Frisklivssentralane som ein nøkkel i dette arbeidet.

,

Henriette Øien frå Helsedirektoratet Foto: Marie Hayes

Det mest gripande augneblinket kom då brukarrepresentant Alf J. Agcaoili Borge delte si historie. Hans erfaring, både som brukarrepresentant og deltakar i eHjerteRehab, viste tydeleg kva dette handlar om: meistring, livskvalitet og tryggleik i kvardagen. Det er akkurat det eHjerteRehab handlar om, å gjere hjarterehabilitering tilgjengeleg for alle.

.

Alf J. Agcaoili Borge Foto: Marie Hayes

Stormøtet stadfesta at vi står midt i eit paradigmeskifte. Digital hjarterehabilitering er ikkje lenger ein visjon, det er verkelegheit. No handlar det om å skalere opp, styrkje samspel mellom spesialist- og kommunehelsetenesta og halde fram med å utvikle, og tilpasse eHjerteRehab.

En mann som snakker til et publikum

Foto: Marie Hayes

Med erfaringar frå 50 deltakarar og eit sterkt fagleg engasjement er eHjerteRehab med på å forme framtidas helseteneste.

.
Professor Tone M. Norekvål presenterer internasjonale samarbeidspartnarar i eHjerteRehab Foto: Marie Hayes