Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kollega Eva Torsvik heidra av Regjeringa for innsatsen i operasjon Ellisiv/Ukraina

Intensivsjukepleiar Eva Torsvik ved Hjerteavdelingen har fått medalje for deltakinga si i evakueringa av såra frå Ukraina. Under ei høgtideleg markering på Akershus festning på Frigjøring og veterandagen 8. mai blei ho tildelt medaljen frå Forsvarssjefen.

Publisert 27.05.2025
En person i en sykehusseng
Intensivsjukepleiar Eva Torsvik i bunad under utdelinga.

Torsvik har vore ein del av det norske medisinske evakueringsbidraget frå Ukraina – ein felles sivil og militær operasjon som sidan 2022 har evakuert rundt 3300 pasientar til tryggleik og vidare behandling i Europa.

Evakueringane skjer med eit ombygd SAS-fly tilpassa medisinsk behandling i lufta. Oppdraget er ein del av ein europeisk solidaritetsinnsats organisert gjennom EUs sivile beredskapsmekanisme, og er nå forlengd til 2026 med støtte frå Nansen-programmet.

I år ønsker regjeringa å rette ein særleg takk til:

  • Veteranane frå andre verdskrigen.
  • Veteranane som deltok i uttrekkinga frå Afghanistan i 2021.
  • Forsvarets personell som framleis bidrar til luftevakueringa av skadde ukrainarar.

Desse innsatsane representerer Noregs forplikting til å kjempe for fridom – både i vår eiga historie og i dagens verda.

Eit samarbeid i særklasse

Den norske innsatsen er eit samarbeid mellom fleire departement, helseføretaka, Helsedirektoratet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, SAS og Forsvaret. EU-kommisjonen har omtalt den norske innsatsen som ein «berebjelke» i den europeiske støtta.

Frå Helse Vest har fleire tilsette deltatte i rotasjonane – ei påminning om korleis helsepersonell også bidrar til sikkerheit og beredskap langt utanfor landegrensene.

 

 

 

– Djup meining i arbeidet vi har gjort

Torsvik var éin av mange som fekk medalje for innsatsen under ei høgtideleg markering på Akershus festning. Forsvarets luftevakueringsgruppe, som ho er ein del av, har vore heilt sentral i det norske bidraget.

– Å få tildelt denne medaljen var både rørande og stort. Men aller mest kjenner eg på ein sterk fellesskap og ei djup meining i arbeidet vi har gjort. Dette handlar om å hjelpe menneske i livskriser – og å bidra til å avlaste eit hardt pressa ukrainsk helsevesen, seier Torsvik.