Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utskrivingsinformasjon om biverknader indikerer lågare sjølvrapporterte biverknader og færre bekymringar hos pasientar etter perkutan koronar intervensjon

Biverknader frå anbefalt behandling er vanleg hos pasientar med hjarte- og kar sjukdom. Likevel er det avvik mellom informasjonen pasientar ynskjer om biverknader og informasjonen dei får frå helsepersonell.

Publisert 26.01.2024
To hender som holder piller

Ein ny artikkel frå CONCARDPCI studien har undersøkt om pasientar fekk informasjon om biverknader som følgje av anbefalt behandling, før utskriving frå sjukehus, etter perkutan koronar intervensjon (PCI), og om det å få informasjon om biverknader var assosierte med førekomst av sjølvrapporterte biverknader eller bekymringar knytt til anbefalt behandling.

Hovudfunn frå studien

Studien er ein del av CONCARDPCI, der pasientrapporterte utfallsmål vart registrert 2-, 6- og 12 månader etter utskriving frå sjukehus. Me fann at ein betydeleg del av pasientane rapporterte at dei ikkje vart informerte om moglege biverknader frå anbefalt behandling. Førekomst av sjølvrapporterte biverknader var signifikant lågare ved alle måletidspunkter for dei som vart informert om biverknader ved utskriving samanlikna med dei som ikkje vart informert. I tillegg rapporterte dei som ikkje var informert om betydeleg fleire bekymringar knytte til anbefalt behandling

Pasientopplæring om biverknader ser difor ut til å vera avgjerande for å forbetra pasientutkomme. Vidare viser studien at kvinner, dei som bur åleine og dei med multimorbiditet kan ha høgare risiko for å ikkje bli informerte om biverknader, så vel som å oppleva biverknader. Difor blir det foreslått at spesiell merksemd bør rettast mot desse undergruppene. Framtidige studiar bør vurdera om skreddarsydd og strukturert informasjon om biverknader vil forbetra pasientutkomme ytterlegare. Ein føresetnad er meir spesifikk eigenrapportering av biverknader med oppdaterte forskrivningsdata.

Artikkelen i Heart, Lung and Circulation kan lesast her: https://www.heartlungcirc.org/article/S1443-9506(23)04454-2/fulltext