Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
gutt

Lilongwe Institute of Orthopaedics and Neurosurgery (LION)

LION

I Malawi døyr meir enn 3000 menneske på vegane kvart år, og talet aukar raskt. 10 000 menneske endar kvart år opp som permanent ufør grunna manglande moderne traumebehandling.

Contact us

Tusenvis av barn får ikkje tilbod om tilstrekkeleg behandling for medfødde skadar, misdanningar og infeksjonar i bein. Per i dag  har avdeling for ortopedisk kirurgi på Kamuzu Central Hospital (KCH)i Lilongwe berre to ortopediske kirurgar, som skal dekke  ein befolkning på om lag 6 millionar i den sentrale regionen i Malawi.

Grunna manglande ressursar kan vi ikkje møte denne utfordringa utan ekstern støtte. Vi ønskjer å hjelpe Kamuzu Central Hospital (KCH) slik at dei vert meir sjølvstendig i framtida. Helsedepartementet i Malawi, Haukeland Universitetssjukehus i Noreg, CBM, AO Alliance Foundation og mange andre partnarar arbeider saman for å etablere ein ny og  uavhengig stiftelse i Malawi for å forbetre behandling av skadar samt muskel -og skjelett, og  nevrokirurgisk liding; Lilongwe Institute of Orthopaedics and Neurosurgery (LION) vil vere den ortopediske og nevrokirurgiske  delen av det offentlege sjukehuset KCH i hovudstaden Lilongwe og skal betene befolkninga i den sentrale regionen i Malawi.

Sidan 2007 har KCH og Haukeland Universitetssjukehus i Noreg hatt eit godt samarbeid. HUS garanterer at alle pengane donert til LION berre skal brukas til det formålet som er tiltenkt. HUS tar ingen administrasjonsgebyr eller «overhead» frå donerte midlar. Alle våre rekneskap vert revidert av eksterne revisorar.

Om du ynskjer å bidra til realiseringa av LION og det pågåande arbeidet for  å behandle sjuke og skadde,  er dette fullt mogleg. Ved å klikke på linken under tas du med til donasjonssidene våre for dette prosjektet.

Eg ynskjer å bidra til realiseringa av traumesenteret og behandling av sjuke og skadde

​Telefon

55 97 21 56


Opningstider

08:30-15:30

Postadresse

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for Internasjonalt Samarbeid
Postboks 1400
5021 Bergen, Norway

Besøksadresse

Konrad Birkhaugs Hus
Jonas Lies vei 65
5021 Bergen

 

LION på Facebook

Fundraising

Introtekst
More about fundraising
gutt
Sist oppdatert 05.03.2017