Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Irrigasjon i kolostomi

Ved eit normalt fungerande tarmsystem bidrar lukkemuskelen til endetarmen til å kontrollere når avføringa tømmer seg, og tarmtømminga er viljestyrt. Hos personar som lever med tarmstomi, er lukkemusklane fjerna eller kopla ut. Ein stomioperert kan derfor ikkje styre når avføringa skal tømme seg frå tarmen. Tarmtømming blir også påverka av tarmrørsler, som blir stimulerte ved aktivitet og matinntak. Dette gjeld også stomioperert.

Det å ikkje ha kontroll på når det kjem noko i stomiposen, kan for nokon vere ei belastning i kvardagen. For nokon kan det å regelmessig sette klyster i stomien, kalla irrigasjon, vere aktuelt for å oppnå kontroll over tarmtømmingane. Dette kan nytta av personar som lever med utlagd tjukktarm (kolostomi). I tillegg må personen ha fast forma avføring, ha fått godkjenning av lege i forkant og fått grundig opplæring i framgangsmåten frå kunnig helsepersonell.

 

Hensikt med irrigasjon

Formålet med irrigasjon er å oppnå auka kontroll over tarmtømminga frå stomien. For nokon kan dette gi auka føreseielegheit, auka fridomskjensle, og redusere bekymringar i ein hektisk kvardag. Irrigasjon gir også høve til å nytte ein meir diskré stomibandasje, og kan forhindre forstopping (obstipasjon).

Kva er irrigasjon?

Kvinne med stomi som sitter på et toalett

Illustrasjon: Marie Viola Fjelde

Hensikten med irrigasjon er å oppnå økt kontroll over eget tarmtømmingsmønster.

Når ein irrigerer i stomi, skyl ein nedre del av tjukktarmen med kroppstemperert vatn som ein set inn via stomien. Til dette bruker ein spesielt utstyr.

Skyljinga tar som oftast 30–60 minutt, inkludert førebuingar og rydding etterpå. Tarmen bruker tid på å tømme seg i etterkant av tarmskyld, og avføringa kan komme i etappar.

For å oppnå god effekt, bør irrigasjonen bli gjort regelmessig, og til cirka same tid på dagen (+/- eit par timar). Ofte blir irrigasjon gjord kvar annan dag, og målet er å unngå tarmtømming mellom skyllene.

 

Kven kan irrigere i stomi?

Irrigasjon i stomi bør i utgangspunktet berre bli gjort av personar som har fått lagt fram ein kolostomi av nedre del av tjukktarmen, og som har fast forma avføring.

Før ein set i gang med irrigasjon i stomi bør ein tenke over om ein er motivert for dette. Forholda må ligge til rette for at det kan bli gjort regelmessig. Ein bør ha eigna toalettforhold. Her må det vere plass til å nytte utstyret og ein må ha moglegheit for å oppta toalettet i éin time annankvar dag. Ein bør også ha tenkt over når det er mogleg å sette av tid til irrigasjonen, og kva tidspunkt som er best eigna.

Normalt begynner ein ikkje opplæring i irrigasjon før det har gått nokre månader etter operasjonen. Dette er fordi den opererte skal få tid til å bli trygg på vanleg stomistell, og gjere seg kjent med livet med stomi.

Ofte vil den stomiopererte få informasjon om irrigasjon i løpet av kontrollane det første året etter operasjonen. Dersom ein vurderer å prøve irrigasjon på eit seinare tidspunkt, er det mogleg å kontakte ein stomiklinikk.

Førebuingar

Før ein set i gang med irrigasjon i stomi, må prosedyren vere skriftleg godkjent av lege. Det er sjukdomstilstandar der det ikkje er anbefalt med irrigasjon. Legen skriv samtidig resept på irrigasjonsutstyr, og det blir bestilt ein startpakke før opplæring. Utstyret får ein på «blå resept». Dette betyr at ein får utgiftene heilt eller delvis dekte av folketrygda (reseptkode 5051101).

Før ein set i gang med irrigasjon i stomi, må ein ha gått gjennom grundig opplæring hos stomi- og kontinenssjukepleiar eller anna kunnig helsepersonell. Det er viktig med god oppfølging i starten, og korrigering av prosedyren undervegs kan bli nødvendig.

Fordeler

  • Auka kontroll på tarmtømmingane, auka føreseielegheit, auka tryggleik i kvardagen.
  • Meir diskré stomibandasjar kan bli brukte, som minipose eller stomicap.
  • Mange opplever mindre luft- og lydproblematikk.
  • Stomiposen kan opplevast mindre sjenerande i samlivet.
  • Redusert fare for sår hud rundt stomien.
  • Kan hjelpe mot forstopping.
  • Kan vere ei god løysing om ein opplever stomibandasjeringa vanskeleg, for eksempel ved lekkasje frå stomiposen, ugunstig plassering av stomien, eller ulike hudproblem rundt stomien.
  • Kan vere ein fordel for dei som held på med sport eller annan fysisk aktivitet, der stomiposen kan vere til sjenanse.

Ulemper

  • Effekten av irrigasjon kan vere individuell, og kan derfor ikkje garanterast.
  • Det kan ta tid før tarmen kjem inn i eit regelmessig tarmtømmingsmønster.
  • Det er anbefalt å sette av 1 time.
  • Bør bli gjord på omtrent same tid på døgnet kvar gong (+/- eit par timar). Dette må passe inn i kvardagen.
  • Det kan vere utfordrande å finne tid og eigna stad for irrigasjon når ein er på reise.
  • Kosthald kan påverke avføringskonsistensen og ved laus avføring vil effekten av irrigasjonen bli usikker.
  • Sluttar ein med irrigasjon kan nokon oppleve problem med tarmtømminga.
Sist oppdatert 08.10.2024