Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kontaktinformasjon

 

Om stomi- og kontinenssjukepleiar

Ein stomi- og kontinenssjukepleiar har etter grunnleggande sjukepleiarutdanning, jobba i to år og så tatt ei vidareutdanning. Dette er ei vidareutdanning der ein har spesialisert seg i pleie og oppfølging til menneske som får utlagt tarm eller har avføringsproblem. Spesialsjukepleiarar av denne typen har arbeidet sitt ved alle universitetssjukehusa, på dei fleste regionsjukehusa og på nokre mindre sjukehus. Fleire jobbar på kirurgisk avdeling der pasientar blir opererte og får stomi. På større sjukehus kan dei også jobbe på andre avdelingar, som gynekologisk avdeling, urologisk avdeling og barneavdeling.

Stomi- og kontinenssjukepleiarar driv også stomi- og kontinensklinikkene som ein finn på mange sjukehus rundt i landet. Dette er ein poliklinikk der stomiopererte kan få informasjon før ein stomioperasjon, bli følgt opp det første året etter ein stomioperasjon og kan ta kontakt ved behov.  I Noreg har vi ei fagleg oppfordring for oppfølging av stomiopererte der det blant anna står: «Etter tillaging av stomi bør den stomiopererte følgast opp av utdanna stomisjukepleiar etter 3 veker, 3 månader, 6 månader og årleg og i tillegg ha eit lågterskeltilbod ved behov». Tilbodet om slik oppfølging er dessverre ikkje like godt utbreidd alle stader i landet, men det er moglegheit for oppfølging ved mange sjukehus i Noreg.

Stomi- og kontinensklinikkar i Helse Vest

  • Stomipoliklinikken, Stavanger universitetssjukehus, tlf. 51 51 92 35
  • Stomipoliklinikken, Haugesund sjukehus, tlf. 48 15 78 92
  • Stomiklinikken, Haukeland universitetssjukehus, tlf. 55 97 29 25
  • Stomiklinikken, Haraldsplass diakonale sjukehus , tlf. 55 97 88 00
  • Stomiklinikken, Voss sjukehus, tlf. 56 50 60 71/56 53 35 20
  • Stomipoliklinikken, Førde sentralsjukehus, tlf. 57 83 92 80

Stomi- og kontinensklinikkar i Helse Nord

  • UNN Narvik, tysdag og onsdag, tlf. 76 17 30 00
  • UNN Harstad, annankvar torsdag i partalsveker, 08.00–15.30,
    tlf. 77 01 54 10
  • Stomipoliklinikken ved UNN Tromsø (ikkje stomi- og kontinenssjukepleiar)
    Stomitelefon: tlf. 77 66 96 21
    Kontor dersom stomitelefonen ikkje er tilgjengeleg: tlf. 77 62 66 42
  • Kirkenes sykehus, Poliklinikk på Kirkenes sykehus (Finnmarkssykehuset i Helse Nord) frå januar 2025. Fredagar kvar veke, 08.00–15.00. Har ingen eigen telefon enda. Kirkenes sykehus, tlf. 78 96 93 53

Stomi- og kontinenssklinikkar i Helse Midt-Norge

  • Molde sjukehus, poliklinikk kvar torsdag og éin dag til i veka,
    tlf. 71 12 18 40/48 21 54 12
  • Volda sjukehus, stomipoliklinikk på torsdagar, tlf. 70 05 83 10
  • Ålesund sjukehus, stomipoliklinikk på tysdag og torsdag,
    tlf. 70 10 52 54

Stomi- og kontinensklinikkar i Helse Sør-Øst

  • Sørlandet sykehus Arendal, Kirurgisk poliklinikk 1e, tysdagar og onsdagar, tlf. 37 01 48 62
  • Stomipoliklinikken, Sykehuset i Vestfold, avd. Tønsberg,
    tlf. 33 34 26 06 / 91 16 91 63
  • Stomipoliklinikken Sykehuset Østfold, tlf. 69 86 66 69
  • Oslo universitetssykehus Rikshospitalet
    • Stomipoliklinikk (tysdag og fredag), tlf. 23 07 15 64
    • Kirurgisk dagavdeling for barn (stomipoliklinikk for barn og ungdom),
      23 07 46 16 / 23 07 15 44
  • Oslo universitetssykehus Radiumhospitalet Stomipoliklinikk, måndag til fredag, 08.00–15.00, tlf. 22 93 45 30
    • Stomisjukepleiar ved Radiumhospitalet, tlf. 22 93 45 30
  • Sykehuset Innlandet
    • Lillehammer, poliklinikk kvar tysdag, kl. 08.00–15.30, tlf. 48 01 84 21
    • Hamar, stomipoliklinikk, kl. 08.00–15.30, tlf. 62 53 74 58
  • Ringerike sykehus poliklinikk, onsdagar, bemanna frå kl. 08.00–15.30,
    tlf. 32 11 61 95

Stomi- og kontinenssjukepleiarar i Noreg

Sist oppdatert 08.10.2024