Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kostråd for stomiopererte

Mat er ein viktig del av livet og for mange knytt til tradisjon, glede og sosiale settingar. Samfunnet vi lever i, kultur og religion har også innverknad på korleis vi forheld oss til mat. For mange er mat berre noko dei må ha i seg for å eksistere.

Hensikt

Formålet med dette avsnittet, er å gi stomiopererte kunnskap om korleis ein bør ete, og korleis ulik mat og drikke kan påverke både tarmfunksjon, avføringskonsistens og urin.

Når ein er blitt operert og har fått ein stomi, er nokon kostråd generelle mens andre kostråd er avhengig av kva stomitype ein har.

 

Alle foto: Stig Indrebø

Generelle råd, uavhengig av stomitype

En hvit klokke med svarte hender
Et regelmessig, 3–5 gonger om dagen.
  • Et sunt og variert kost med både karbohydrat, protein, feitt, vitamin og mineral.
  • Et regelmessige måltid 3–5 gonger om dagen.
  • Et sakte og tygg maten godt.
  • Drikk rikeleg, 1,5–2 liter dagleg.

Utsett for «tarmslyng»

Alle som er opererte i buken kan få det vi kallar samanvoksingar. Dette betyr at tarmane festar seg i kvarandre, eller at tarmane festar seg til arret i bukveggen. Dette kan gi problem hos nokon i form av anfall med «tarmslyng». Somme kan få hyppige episodar med tarmslyng, andre ingen.

Somme opererte har fått ein skøyt i tarmen. Denne skøyten kan bli trong. Dette er også eit forhold som kan gi «tarmslyng».

Det er mogleg å prøve å forhindre slike tarmslyngepisoder ved å vere varsam med matsortar som ikkje blir skikkeleg fordøydde.

Det er størst risiko for tarmslyng dei første 6 månadene etter operasjonen.

Matsortar som ein bør avgrense for å forhindre tarmslyng

En tallerken med mat
Mat som kan gi stopp
  • sitrusfrukter (appelsinar, mandarinar, grapefrukt m.m.)
  • ananas
  • stongselleri, rabarbra og asparges
  • stilken på grønsaker som brokkoli, blomkål og kål
  • skal på frukt og grønsaker
  • sopp, nøtter, mais og rips

Korleis maten er behandla (til dømes mosa, godt kokt) og mengda (til dømes berre ein smakebit) vil redusere faren ved å ete dette.

Kostråd ved kolostomi

Når ein får ein kolostomi er det ikkje nødvendig å gjere så store endringar med kosten, men enkelte sortar mat forandrar konsistensen på avføringa og kan gi forstopping eller diaré.

Når ein skal vere varsam med visse sortar mat, er det lett å unngå å ete for eksempel grønsaker. Dette kan gi for lite fiber i kosten og disponere for forstopping.

En tallerken med grønnsaker og en brokkoli
Grønsaker bør generelt behandlast før inntak – ved å koke eller mose dei, eller tygge godt.

Desse grønsakene kan du ete:

  • blomkål- og brokkolibukettar
  • gulrot
  • kålrabi
  • sellerirot

Grønsaker bør generelt behandlast før inntak – ved å koke eller mose dei, eller tygge godt.

Mat med høgt fiberinnhald trekker med seg væske gjennom tarmen og kan gi lausare tarminnhald. Andre sortar mat har ein annan innverknad på tarmen, men også desse kan gi laus avføring. Dette gjeld:

Et glass øl ved siden av et glass øl og en sitron
Enkelte sortar mat kan gi ei lausare avføring
  • rå grønsaker
  • tørka frukt (svisker, rosiner, aprikosar, fiken)
  • frukt (plommer, pærer, kiwi, jordbær og melon)
  • brødmat med mykje heile korn
  • matvarer og drikke med kunstig søtingsstoff (sorbitol, xylitol)
  • sterkt krydra mat
  • feit mat
  • appelsinjuice
  • alkohol

Nokon medisinar kan også gi laus avføring/diaré (for eksempel Magnesium, Metformin, kolesterolsenkande) Eventuell justering av faste medikament må bli gjord i samråd med fastlegen.

En grønn grønnsak på en hvit tallerken
Alle typar kål (grøn-, raud-, blom-, rosenkål) kan gi gass i tarmsystemet
  • alle typar kål (grøn-, raud-, blom-, rosenkål)
  • løk, erter, bønner og linser
  • nokre typar frukt (plommer, druer)
  • sterkt krydra mat
  • sortar mat tilsett kunstig søtingsstoff (sorbitol, xylitol)
  • kolsyrehaldig drikke (brus og øl)

  • ete uregelmessig
  • prate mens ein et
  • drikke med sugerøyr
  • tygge tyggegummi
  • ete sukkerfrie pastillar

  • yoghurt naturell
  • Biola
  • karve
  • mynte
  • fennikel
  • anis
  • kruspersille
  • urter
  • urtete

Kostråd ved ileostomi

Et glassbeger med salt
Det er viktig å auke væskeinntaket og salte maten litt ekstra.

Når ein får ein ileostomi er tjukktarmen enten fjerna eller sett ut av funksjon. Tjukktarmen har lite å bidra med når det gjeld oppsuging av næringsstoff, men står for mykje av oppsuginga av væske og salt.

Tarminnhaldet på ein ileostomi vil derfor ha ein lausare konsistens og stort tap av væske og salt kan førekomme. Det er derfor viktig å auke væskeinntaket og salte maten litt ekstra.

Ved svært stort væsketap kan urinproduksjonen bli låg (urinproduksjon for vaksne er 1000–1500 ml pr døgn). Det er viktig å følge med på dette. Det kan da bli aktuelt å nytte medikament som gjer avføringa fastare og væsketapet mindre.

Etter ei tid vil som oftast tynntarmen begynne å trekke til seg meir væske.

Et stoppande mat som til dømes pasta, ris, potet og lyst brød, gulrotpure, mosa banan (han må vere gul, ikkje brun eller grøn da det har motsett effekt), eplepuré.

En tallerken med mat
Et stoppande mat

Auk væskeinntaket. Drikk ofte, små mengder væske igjennom heile dagen.

Ved auka sveitte og stort salttap kan du bruke elektrolytterstatning som Resorb og Gem.

Medisiner
Elektrolytterstatning

Bruk legemiddel mot laus avføring, som til dømes Imodium tablett, Loperamid kapsel (kapselen kan opnast slik at oppsuginga av legemiddelet skjer fortare).

Diagram
Legemiddel mot laus avføring

Om væsketapet/diareen blir langvarig (over 3 dagar), sjå avsnittet om stort væsketap, eller kontakt lege.

  • Rå grønsaker, tørka frukt (svisker, rosiner, aprikos, fiken), frukt (plommer, pærer, kiwi, jordbær, melon), brødmat med mykje heile korn, matvarer med kunstig søtingsstoff (sorbitol, xylitol), sterk krydra mat, feit mat og sjokolade.
  • Mat med høgt fiberinnhald (rå grønsaker, tørka frukt osb.) som ikkje blir godt nok fordøydd, trekker med seg væske igjennom tarmen og kan gi ekstra tynt tarminnhald.
  • Appelsinjuice, søt mjølk, fløyte, koffeinhaldige drikker, drikke med kunstig søtingsstoff, alkohol.
  • Nokon medisinar kan også gi laus avføring, som til dømes diabetesmedisin, kolesterolsenkande medisin og Magnesium. Eventuell justering av faste medisinar må bli gjord i samråd med fastlege!

Eksempel på dette er:

  • alle typar kål (grøn-, raud-, blom-, rosenkål)
  • løk, erter, bønner og linser
  • nokre typar frukt (plommer, druer)
  • sterkt krydra mat
  • matsortar tilsett kunstig søtingsstoff (sorbitol, xylitol)
  • kolsyrehaldig drikke (brus og øl)

  • ete uregelmessig
  • prate mens ein et
  • drikke med sugerøyr
  • tygge tyggegummi
  • inntak av sukkerfrie pastillar

En bolle og et glass melk

 

  • yoghurt naturell
  • biola
  • karve
  • mynte
  • fennikel
  • anis
  • kruspersille
  • urter og urtete

Eksempel på det er agurk, egg, bønner, brokkoli, kål, løk, kvitløk, fisk, sjømat og kraftige ostar.

Et hvitt egg på en hvit tallerken

 

Kostråd ved urostomi

Når ein har fått ein urostomi treng ein ikkje gjere så store endringar i val av matvarer.

Ved konstruksjon av ein urostomi blir det brukt eit lite stykke av tynntarm, og det blir ein skaut i tarmen. Ein bør derfor vere varsam med trevla mat, da dette kan gi tregare passasje i dette området. (sjå «Generelle råd, uavhengig av stomitype») 

Nyttig å vite for urostomiopererte

Nokre matvarer kan sette farge på urinen, som til dømes raudbete, spinat og fargestoff tilsette i maten.

Et stykke kjøtt og et stykke brokkoli på en tallerken

 

Nokre matvarer kan føre til endra lukt av urinen, som til dømes asparges, fisk og sjømat.

Auka inntak av C-vitamin kan gjere urinen surare og reduserer faren for urinvegsinfeksjon. Obs! Dersom ein er disponert for nyrestein, ver varsam med dette tiltaket.

Tranebærjus kan redusere slimproduksjonen frå tarmslimhinna og hindre bakteriar i å feste seg. Den gjer også urinen sur. Det kan førebygge urinvegsinfeksjon.

Et glass rød tranebærjuice
Tranebærjuice

 

Sist oppdatert 08.10.2024