Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stomiutstyr

Stomiutstyr er som klede, det som passar for ein passar kanskje ikkje for andre. Derfor må vi vurdere kva det rette utstyret for kvar enkelt kan vere. Det betyr å ta stilling til brukaren ønsker, brukarvennlegheita til utstyret, stomitype og kva stomien produserer, fasongen og plasseringa av stomien, fasongen på magen og hudtype.

Det finst ulike produsentar av stomiutstyr og alle nyttar seg av eigne design og oppskrift på utstyr og kleber. Det er eit stort utval av stomiprodukt som har ulike eigenskapar som kan bli tilpassa behovet til den enkelte.

 

Hensikt

Formålet med dette avsnittet er å informere om ulike typar stomiprodukt som har som formål å samle opp det som kjem frå stomien, halde tett rundt stomien, forhindre lekkasjar og førebygger hudproblem.

 

Alle foto: Helse Bergen

To hovudgrupper stomiposar

Stomisystemet kan enten vere eit éindelt system der pose og plate er sveisa saman til ei eining, eller eit todelt system der hudplata er skild frå posen. På det todelte systemet festar ein pose og plate saman enten ved hjelp av ei klistrekopling eller ei ringkopling.

Det éindelte systemet legg seg ofte litt flatare mot magen, og gjer mindre av seg enn eit todelt system.

Stomiytstyr
Stomiutstyr

Det todelte systemet gjer at posane kan bli skifta uavhengig av plata. Samankoplinga er litt stiv og kan vere med på å gi støtte rundt stomien. Mange opplever at det er lettare å sjå korleis dei skal feste plata på huda, da posen på eit todelt system ikkje kjem i vegen for innsynet til stomiområdet.

Lim hudplata på huda rundt stomien. Formålet med plata er å verne huda mot det som kjem frå stomien, og gi feste for stomiposen. Platene får ein i ulike størrelsar og fasongar for at dei skal kunne passe rundt alle stomiar. Plata skal klistre godt til huda utan å skape irritasjon, og ho skal absorbere fukt og halde huda tørr.

En gruppe hudplater i forskjellige farger

Plata kan komme som mogleg å klippe opp. Denne plata klipper ein til i akkurat den fasongen og størrelse som stomien krev.  Dersom ein har ein rund stomi, kan ein få ferdig stansa plater der holet allereie er klipt ut. Ein kan også få plater som kan modellere holet til passeleg størrelse. Nokre plater kjem med mjuk og fleksibel teipkant ytst. Platene kan ha enda fleire ulike utformingar berekna for ulike behov:

Flat plate

Passar best der stomien er over hudnivå og huda rundt er glatt og slett.

Konveks plate

Plata buar innover og er forma som ein «suppeskål». Formålet med dette er å presse huda rundt stomien ned. Stomien vil da komme lenger fram dersom han er i eller under hudnivå. Den konvekse plata bidrar også til å flate ut foldar, laus hud og søkk rundt stomien. Platene får ein med ulik djupne og stivleik.

Konkav plate

Plata buar utover og er berekna til dei som har kulemage eller stomibrokk. Plata legg seg rundt krumminga til magen og reduserer foldar og kanalar.

Stomiposen samlar opp det som kjem frå stomien og kan enten bli tømt eller tatt av med innhaldet i. Dei kjem i ulike størrelsar og fasongar:

En gruppe forskjellige stomiposer
En gruppe stomiposer

Stomiposar kjem som lukka posar. Desse kan ein ikkje tømme og dei må bli tatte av som ei eining. Denne typen passar best dersom ein har fast konsistens på avføringa.

Stomiposar kjem også i variantar som kan tømmast («tømbare»). Desse kan ein opne og lukke i botnen ved hjelp av ein borrelås i nedre posekant. Denne typen passar for dei som har laus konsistens på avføringa, slik at ho lett lèt seg tømme ut.

Til stomiar som leier urin, urostomi, må ein bruke spesielle stomiposar, urostomiposar. Desse har ein tilbakeslagsventil på innsida for å hindre at urinen blir liggande rundt stomien. Posen har ei tømmeanordning i botnen. På denne tømmeanordninga er det mogleg å kople på ein større oppsamlingspose for eksempel til bruk om natta.

«High output-posar» er stomiposar som rommar større mengde enn vanlege posar. Desse posane kjem også med ei tømmeanordning der det er mogleg å kople på ein større oppsamlingspose.

Dei fleste stomiposane som skal samle opp avføring, har eit kolfilter for å filtrere ut tarmgassen frå posen.

Det følger ofte med klistremerke i eska til desse stomiposane. Klistremerka er berekna til å klistre over filteret for å halde det tørt når ein badar. Da unngår ein at filteret blir fuktig og får redusert funksjon. Klistrelappen kan også vere til hjelp dersom stomiposen klistrar seg inntil stomien på grunn av vakuum i posen. Ved behov for å observere at det kjem tarmgass i stomiposen, kan ein bruke klistrelappen til å tette kolfilteret, for eksempel etter operasjonen.

klistremerker
Klistremerker

 

Et filter
Filteret sit i øvre delen av stomiposen.

Stomi tilleggsutstyr

I tillegg til pose og plate kan ein få diverse tilleggsutstyr.

For å gjere eit stomistell lettast mogleg, blir det anbefalt det å bruke minst mogleg tilleggsutstyr med mindre ein har eit konkret behov for det.

Pasta blir nytta som ei ekstra tetning for å forhindre at innhaldet frå stomien skal komme under stomiplata. Pasta kan jamne ut foldar, søkk og andre ujamnskapar. Den kan bli lagt direkte på huda eller på baksida av stomiplata. Dei fleste pastaene er laga av eit hydrokolloid masse, men det finst også silikonbaserte variantar. Pastaen blir skifta samtidig som ein skiftar plata.

Pasta kjem i ulike variantar:

Tubepasta

tubepasta
Denne pastaen er blaut slik at den lett fyller seg ned i foldar og søkk. Den kjem med og utan alkohol. Den med alkohol stivnar etter påføring.

Formbar pasta i strimlar

Denne har ein konsistens som «model kit». Bruk så mykje du treng av strimmelen og form den med fingrane etter ønske.

Formbar pasta i strimler.

Tetningsringar

Tetningsringer
Desse finst i ulik breidde, diameter, elastisitet, tjukn eller konveksitet. Dei kan leggast rundt stomien eller bakpå stomiplata rundt det tilklippa hòla. Ein kan nytte heile eller berre bitar av tetningsringen.

Stomipulver

Stomipulver kan absorbere fukt frå sår hud i stomiområdet. Når pulveret har trekt til seg fukta, bidrar dette til at stomiplata kan få betre feste.

Pulveret blir dryst varsamt over den såre huda. Det er viktig å blåse eller tørke bort overflødig pulver som ikkje har festa seg. Dersom stomipulveret blir liggande på tørr og heil hud vil dette gi dårlegare feste for plata!

Dette er eit smalt elastisk belte som ein festar på beltefesteøyra/hempene på stomiutstyret for å halde stomiutstyret betre inntil kroppen. Beltet er godt eigna dersom plata losnar lett frå huda, eller for at plata skal få betre kontakt med stomiområdet. Éindelt utstyr med flat plate har ikkje beltefesteørar og stomibelte kan derfor ikkje brukast med dette utstyret.

Stomibelte

Dette er eit breitt elastisk magebelte som ein kan nytte for å førebygge brokk, eller for å halde inne eit allereie oppstått brokk. Det kjem i mange variantar med ulik høgde, farge, stoff, elastisitet og tjukn. Nokon kjem med ferdig hol, andre kan ein klippe hol i. Holet skal forhindre press på stomien og stomiposen. Beltet må bli tilpassa individuelt. Det kan ein få hjelp til ved å ta kontakt med ein stomi- og kontinenssjukepleiar.

Brokkbelte krev eigen resept. Reseptkode 5050901 «Belte til kompresjon».

Stomibelte

Klisterfjernar bidrar til å løyse stomiplata skånsamt frå huda. Dette førebygger hudskadar ved gjentatte plateskift, tar vekk kleberestar og gjer skift mindre vondt. klisterfjernar kjem som spray eller våtserviett.

Bruk: Påfør eit par spray mellom plate og hud og la dette virket nokre sekund slik at plata får høve til å losne. Gjenta eventuelt ved behov.

Klebefjerner

Dette er bitar av hydrokolloid plate som blir brukt for å forhindre at plata losnar frå utsida. Dei blir limte på i ytterkanten av plata der det er behov for at plata festar betre på huda.

Obs! Desse klistrar godt og kan kamuflere at tarminnhald eller urin har komme inn under stomiplata og kan i slike tilfelle medføre sår hud.

Krev eigen resept. Reseptkode 5050907 «Plateforlengar».

Elastisk tape/plateforlenger

Dette er ei væske som dannar ei gjennomsiktig hinne/barriere på huda. Hinna vernar huda mot kroppsvæsker eller skadar som kan oppstå ved feil fjerning av stomiplata. Den kjem som serviett, skumapplikator eller spray. Hudfilm skal bli pensla på rein og tørr hud rundt stomien.

Hudfilmen skal tørke før ein set på stomitustyret. Den svir ikkje, tørkar på sekundet og skal ikkje påverke klistreevna til plata. Den blir gradvis slite vekk når stomiplata blir fjerna. Overforbruk av hudfilm er ikkje uvanleg. Diskuter med stomi- og kontinenssjukepleiar om behovet er til stades.

Krev eigen resept. Reseptkode 5050902 «Hudfilm».

Hudfilm

Dette er krem som førebygger tørr og irritert hud under stomiplata og har ein fuktgivande effekt. Den gir ein langtidsvirkande barriere som vernar huda mot stomiinnhaldet og tørrheit på grunn av fjerning av stomiplate. Bruk den ved å massere ei lita mengde krem inn i huda av og til. Den blir absorbert raskt og overskytande krem må bli tørka heilt bort for å unngå å påverke klistreevna til stomiplata.

Barrierekrem

Dette er flasker med dropar eller sprayar som kan bli brukte i stomiposen. Lukthemmarar kan vere med på å nøytralisere lukt frå avføring og urin, og dermed redusere lukt ved skift og tømming av stomiposen.

Desse kjem med og utan parfyme.

Luktfjerner/lukthemmer

Dette er eit flytande middel som ein kan helle eller drype i stomiposen. Det skal nøytralisere lukt og smørje innsida av posen. Middelet skal få stomiinnhaldet til å gli ned i posen og ikkje bli liggande rundt stomien. Smørjande deodorant gjer det også lettare å tømme posen. Ved bruk av tømbare posar må ein tilsette ny dose etter kvar tømming.

En gruppe flasker

Desse er hudvennlege produkt av hydrokolloid materiale, som kan bil brukt under stomiplata. Dei blir som oftast brukt viss huda er sår, og da i kombinasjon med andre sårbandasjar.  Stomiplata festar seg godt oppå dette materialet.

Hudbeskyttelsesplater

Dette er små posar med geldannende granulat.

Dei små posane skal ein legge som dei er inn i stomiposen. Når desse kjem i kontakt med fukt, blir dei oppløyste og granulata blir aktiverte. Granulata trekker til seg væska i løyst tarminnhald og gjer det fastare. Somme typar inneheld også kol og er da lukthemmande.

Superabsorbentar kan vere med på å auke diskresjon rundt det å ha stomi, ved å forhindre skvulpelydar og kan vere med på å redusere risiko for lekkasje.

Superabsorbenter

Dette er eit skåleforma skjold laga av hardplast. Det skal verne stomien mot uønskt støyt/slag/press, og er veleigna ved blant anna trening og sport.

Skjoldet består av to delar, eit mykt underlag som ein festar bak stomiposen og eit verneskjold som blir festa til underlaget med borrelås. Bruk gjerne eit fikseringsbelte saman med skjoldet for å halde det godt på plass. Det kjem i fleire størrelsar.

Stomiskjold blir ikkje dekt på blå resept.

Stomiskjold

Stomikrage skal bidra til å forhindre lekkasje. Viss stomien er flat kan kragen bidra til å leie tarminnhaldet/urinen inn i posen og forhindre at det kjem noko inn under plata. Dersom stomien har ei viss høgde skal kragen slutte tett rundt stomien og forhindre at tarminnhaldet/urinen kjem i kontakt med platekanten og bløyter denne opp. Kragen kan blir brukt til alle stomitypar, men stomien bør helst vere rund. Den kjem i fleire ulike størrelsar.

Noen få hvite plater
Stomikrage

 

Stomiposetrekk trer ein over stomiposen. Trekket vernar huda som stomiposen ligg i kontakt med. Trekket kan da forhindre klamheit og danning av sår. Det kan også bidra til å trekke til seg litt fukt ved ein lekkasje og dermed verne kleda. Stomitrekket kjem med og utan opning i underkant.

Du kan få posetrekk som du bli tilpasse hòla sjølv og det finst også ferdig tilpassa posetrekk til ulike typar stomibandasjar. Trekket har hovudsakleg ein estetisk funksjon da dei fleste stomiposane kjem med stofftrekk. Det er anbefalt å vaske og skifte trekket jamleg.

Overtrekksposane blir laga i bomull, lycra og ull. Einsfarga kvite og svarte overtrekksposar blir dekte på stomiresepten § 501.

Stomiposetrekk

Anskaffing av stomiutstyr

Blå resept

Stomiutstyr får ein på «blå resept». Dette er ein resept på medisinsk utstyr der utgiftene blir dekt enten delvis eller fullstendig av folketrygda. Resepten er gyldig i maks eitt år.

HELFO godkjenner medisinsk forbruksmateriell, og gir ut ei liste med oversikt over førehandsgodkjente stomiprodukt på blå resept. (Jf. blåreseptforskrifta § 5 punkt 5). Nokre stomiprodukt krev ein eigen resept i tillegg til hovudresepten for å få desse på refusjon.

Ein betaler berre ein eigendel kvart kvartal fram til ein har oppnådd frikort. Reseptane utløyser ein eigendel på maks 520 kroner per januar 2024. Det kan vere lurt å ha alle reseptane på same dato, da det elles blir fleire eigendelar.

Bandagist/apotek

Eit apotek er ein utsalsstad for legemiddel og utlevering av medisinsk forbruksmateriell og næringsmiddel på resept. Eit apotek skal også kunne, saman med pasienten, finne dei produkta som er best tilpassa behovet til pasienten og rettleie om bruken av dei.

Ein bandagist er ein butikk som sel ulike helseprodukt og som har stort fokus på rettleiing og tilpassing av produkt til kundar. Dei er offentleg godkjente til å levere ut hjelpemiddel og produkt på blå resept. Ein bandagist har meir enn berre bandasjemateriell og blåreseptprodukt. I butikken kan du finne alt frå ulike hjelpemiddel for ein enklare kvardag til klede som for eksempel badetøy/undertøy til dei med stomiar.

Nokre apotek og bandagister leverer stomiprodukt heim.

Tips

  • Dersom ein planlegg ein konsultasjon hos stomi- og kontinenssjukepleiar, kan det vere lurt å vente med å bestille nytt utstyr inntil ein har vore til konsultasjonen.
  • Bestill nytt utstyr før det er heilt tomt. Det er anbefalt å alltid ha utstyr for 30 dagar heime. Hugs å berekne at apotek/bandagist kan trenge 1–2 vekers leveringstid på stomiutstyr da det ofte blir sendt frå eit større varelager.
  • Ein bør ikkje gå til innkjøp av for store mengder stomiutstyr. Det tar opp plass, feil oppbevaring kan gjere kvaliteten dårleg og i tillegg har utstyret haldbar dato.
  • Dersom du er på utanlandsreise og tar med for lite utstyr eller eit uhell skjer, kan du kjøpe stomiutstyr og søke om å få rekninga refundert frå HELFO.
  • Av og til er pasientane heilt avhengige av akkurat det utstyret dei har funne ut fungerer for dei. Da bør du ta dette utstyret med deg ved sjukehusbesøk. Det er anbefalt å skrive inn nemninga på stomiutstyret i kjernejournalen, eller ta bilde av utstyret/etiketten på eska med stomiutstyr og ha det lagra på telefonen.
Sist oppdatert 08.10.2024