Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stort væsketap fra stomien

Tarmsystemet vårt er eit komplekst system og har ulike oppgåver. Fordøyinga er prosessen der tarmsystemet behandlar og tar opp viktige næringsstoff til kroppen og det overflødige blir skilt ut som avføring. Med stomi er det viktig å følge med på og anslå omtrentleg kor mykje tarminnhald som kjem i løpet av eit døgn.

Hensikt

Formålet med denne teksten er å hindre forstyrringar i salt- og væskebalansen i kroppen som kan oppstå når personar med ein tynntarmstomi har for høg produksjon frå stomien.

 

Oppgåva og funksjonen til tarmen

Tarmsystemet vårt er eit komplekst system og har ulike oppgåver. Fordøyinga er prosessen der tarmsystemet behandlar og tar opp viktige næringsstoff til kroppen og det overflødige blir skilt ut som avføring.

Når mat eller drikke blir inntatt, blir det blanda dette med saltsyre i magesekken som bidrar til nedbrytning av innhaldet til ein suppeliknande konsistens. Innhaldet i magesekken tømmer seg porsjonsvis over i tynntarmen der det blir tilsett enzym frå bukspyttkjertelen og galle frå galleblæra. Dette bryt ned tarminnhaldet til mindre element som lettare kan bli tatte opp i tynntarmen.

Oppgåva til tynntarmen er å suge opp næringsstoff og væske, og ho er normalt hos eit vakse menneske omtrent 4–6 meter lang.

Tarminnhaldet vandrar vidare over i tjukktarmen, som har som hovudoppgåve å suge opp væske og saltar. Innhaldet her blir tjukkare og tjukkare etter kvart som det nærmar seg endetarmen.

 

Tillaging av ein tynntarmstomi medfører at tjukktarmen er sett ut av drift, eller at tjukktarmen er fjerna heilt.

Ein tynntarmstomi vil alltid medføre at ein får lausare tarminnhald i stomiposen. Ein tynntarmsstomi konstruert av siste del av tynntarmen vil ha ein produksjon på omtrent 1200–1500 ml i døgnet den første tida etter operasjonen, litt avhengig av inntak av mat og drikke.

Dette blir redusert til cirka 800–1000 ml  dei første vekene etter operasjonen fordi gjenverande tynntarm tar litt over oppgåvene til tjukktarmen. Dersom ein større del av tynntarmen er sett ut av drift, kan dette medføre ein høgare produksjon frå stomien.

Ei vanleg mengde som blir tømt frå ein tynntarmstomi etter dei første vekene er altså 800–1000 ml per døgn avhengig av mat og drikke.

Dersom produksjonen til stomien er for høg over tid, kan det medføre fare for uttørking (dehydrering). Det betyr at ein er i fare for å komme i underskot på væske og/eller å få for lite saltar i kroppen.

Dette er ein svært uheldig situasjon som kan gi symptom som svimmelheit, slappheit og hovudverk. I alvorlege tilfelle kan det gi nyresvikt som krev innlegging i sjukehus. Personar som frå før bruker vassdrivande medisinar skal vere ekstra på vakt for denne situasjonen.

Ved ein tynntarmstomi er det viktig å følge med på å anslå omtrentleg kor mykje tarminnhald som blir tømt i løpet av eitt døgn. Ein vanleg stomipose av max størrelse inneheld cirka 350 ml tarminnhald når han er halvfull.

Ein høgare produksjon enn 1200 ml i døgnet reknar ein som diaré og over 1500 ml per døgn utgjer ein risiko for komplikasjonar som uttørking (dehydrering) og tap av saltar.

Det er også viktig å følge med på kor mykje urin som blir produsert. Eit teikn på for lite inntak av væske og/eller for mykje tarminnhald frå stomien er lita urinmengde og at fargen på urinen blir mørkare om kvelden. Det bør vere minimum 800 ml urin per døgn.

Mengda stomiinnhald bør ikkje overstige væskeinntaket. Det er viktig med ein balanse mellom væskeinntak og samla mengde urin og tarminnhald frå stomiposen i døgnet.

Dersom posen blir tømt ofte med vasstynt tarminnhald i kombinasjon med sjeldnare toalettbesøk for å late vatnet er det grunn til å vere på vakt. Ta kontakt med fastlege for vurdering og sjekk av saltar i blodet.

I periodar med stort/auka tap frå stomien kan ein få stomiposar for «high output» som kan vere betre eigna i slike periodar. 

Tiltak

For å førebygge forstyrringar i salt- og væskebalansen i kroppen er det viktig med nok og rett inntak av væske.

  • Anbefalt inntak er cirka 1500–2000 ml væske per døgn.
  • Drikk gjerne vatn og sukkerfri saft. Safttypar som Fun light og Zeroh vil vere bra alternativ da desse ikkje inneheld avførande søtingsmiddel.
  • Drikk gjerne éin kopp buljong per dag.
  • Farris eller tilsvarande væske vil vere bra, gjerne halvblanda med eplemost.
  • Hyppige små slurkar mellom måltid er betre enn å drikke mykje på éin gong.
  • Avgrens drikke til måltid, drikk heller små slurkar gjennom dagen.
  • Unngå å drikke alkohol, kaffi og svart te da dette er både vassdrivande og avførande.
  • Drikke med større mengde sukkar kan også vere ugunstig. Ein del kunstige søtstoff som sorbitol og xylitol har også same effekt. Søtstoffet aspartam bør føretrekkast, føresett eit normalt forbruk.

Apoteka sel væskeerstatningsprodukt som kan erstatte ein del av det vanlege væskeinntaket. I Noreg er Resorb, GEM og Semper dei vanlegaste typane.

Resorb og GEM

Resorb er brusetablettar som ein løyser i 120 ml vatn. Desse kjem i ulike smakar. Ein skal ikkje bruke meir enn 4 stykke per dag. Ein type av dei: Resorb Sport bør ikkje brukast da denne kan vere avførande. Les pakningsvedlegget for ytterlegare informasjon.

Medisiner
GEM og Resorb

GEM er ei væskeerstatning i pulverform. Pulveret blir blanda i vatn tilsett ½ teskei salt. Tilsett eventuelt litt sukkerfri saft eller liknande for betre smak. Pakningsvedlegget angir nøyaktig tillaging og bruk.

Semper

Semper er ei væskeerstatning i pulverform fordelt i porsjonsposar. Kvar pose blir blanda i 2,5 dl vatn og kan tilsettast saft eller liknande for betre smak. Pakningsvedlegget angir fleire opplysningar.

Et nærbilde av et kredittkort
Semper

Væskeerstatning kan ein også lage heime.

Dersom det vanlege væskeinntaket ditt er blir avgrensa til 1 liter per dag, drikk da i tillegg ein rehydreringsvæske som kan bli blanda til heime og oppbevart i kjøleskap. Denne væska må ein drikke i løpet av dagen. Det finst fleire alternativ:

  • Bland 1 liter vatn med 1 teskei salt og 2–3 matskeier sukker. Tilsett ¼ teskei bakepulver. Bland dette godt saman. Oppbevar drikken i kjøleskap i 24 timar. Prøv å drikke 1 liter av denne væska per dag. Tilsett gjerne litt saft, Fun light eller Zeroh, for betre smak.
  • Bland 7 desiliter Farris med 3 desiliter eplejuice eller saft. Tilsett 1 stroken teskei salt. Drikk dette avkjølt.

Begynn langsamt med cirka 500 ml per døgn med eitt av desse alternativa. Drikk små slurkar gjennom dagen. Auk til 1 liter per døgn.

Ønsk at det totale inntaket av væske inkludert rehydreringsvæske blir cirka 1500–2000 milliliter per døgn.

Gå tilbake til dei vanlege drikkene dine når urinmengda er cirka 800 ml i døgnet.  

Matens påverknad på tarminnholdet

En hvit klokke med svarte hender

Maten vi et påverkar konsistensen på tarminnhaldet. Det er viktig med eit variert kosthald utan unødvendige avgrensingar. Måltida bør bli fordelte jamt utover dagen. Tygg maten godt. Ved høg stomiproduksjon er det viktig å salte maten ekstra/bruke saltrike matvarer.

 

  • grove kornprodukt
  • rå grønsaker
  • frukt som kiwi, melon, aprikosar og svisker, plommer
  • feit og sterkt krydra mat

  • finare brødprodukt, som lyst brød/knekkebrød gjerne med havre
  • godt kokte grønsaker, gjerne rotgrønsaker
  • kokt kjøtt, fugl, fisk og egg
  • stivelsesrike produkt som ris, poteter og pasta
  • mosa eple eller mosa banan (gul banan, ikkje grøn eller brun)
  • salte matvarer som salte kjeks og saltstenger, chips med redusert feitt, superchips kan vere bra.
En tallerken med mat

 

Det finst fleire medikament ein kan bruke for å redusere stomiproduksjonen. Loperamid eller Imodium er medikament som kan redusere mengda frå stomien med 20–30 prosent. Desse er reseptfrie, men ved stort behov kan ein få dei på resept av fastlege.

Diagram
Loperamid og Imodium

Start med éin tablett morgon og éin om kvelden, helst 30–60 minutt før måltid. Dosen kan aukast med 1–2 tablettar kvar andre dag til ein max dose på 8 tablettar pr døgn.

Imodium mikstur kan ha ein betre effekt. Likevel har denne eit høgt sukkerinnhald som kan vere avførande i store dosar. Den må ein kjøpe på resept.

Loperamid er kapslar med same verknadsmekanisme som Imodium. Kapslane blir doserte og brukte som Imodiumtablettene. Ved manglande effekt kan ein opne kapslane og berre bruke innhaldet. Det finst også andre medikament som kan føreskrivast av lege i spesielle tilfelle.

En hvit boks med mat
Bildetekst

Fibertilskot som Vi-Siblin og Fiber-Husk er tilskot som kan bidra til tjukkare stomiinnhald. Vi-Siblin blir kjøpt reseptfritt på apotek, men lege kan søke om dekning på blåresept etter spesiell søknad.

Pulveret blandar ein i yoghurt eller Biola og liknande. Vi-Siblin har eit høgt sukkerinnhald og diabetikarar må bruke det varsamt. Fiber-hugs får ein kjøpt på helsekost eller i daglegvarebutikkar, og diabetikarar kan bruke det i staden for Vi-Siblin.

 

Sist oppdatert 08.10.2024