Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Jobb hos oss

Ein arbeidskvardag med fagleg breidde, sjølvstende og gode utviklingsmoglegheiter. Ønskjer du ein arbeidskvardag der du får utvikla og brukt både det kliniske blikket ditt, kommunikasjonsevna di og sjukepleiefaget i praksis?

Publisert 30.03.2026

Jobb hos oss som sjukepleiar i Kirurgisk klinikk

Ein arbeidskvardag med fagleg breidde, sjølvstende og gode utviklingsmoglegheiter


Ønskjer du ein arbeidskvardag der du får utvikla og brukt både det kliniske blikket ditt, kommunikasjonsevna di og sjukepleiefaget i praksis?


I Kirurgisk klinikk får du jobbe tett på pasientar i ulike fasar av kirurgiske forløp – frå utgreiing og førebuingar, til behandling, observasjon og oppfølging i etterkant. Hos oss får du ein arbeidskvardag med variasjon, fagleg utvikling og mange moglegheiter, anten du er nyutdanna eller har erfaring frå før. Vi er ein stor klinikk med fleire kirurgiske fagområde, og vi søkjer sjukepleiarar som ønskjer å vere ein del av eit miljø med høg fagleg kvalitet, godt samarbeid og stort engasjement for pasientane våre.

Sjå ledige stillingar
Ta kontakt for ein uforpliktande prat:

Stine Steen Nøttveit, Sykepleiefagleg leiar v/ Kirurgisk klinikk
Mail: stine.steen.nottveit@helse-bergen.no

 

 

Kvifor trivst tilsette hos oss?

Hos oss er tilsette dei viktigaste ressursane vi har. Det er dei som gjer det mogleg å gi pasientane pleie og behandling som er kjenneteikna av omsorg og høg fagleg kvalitet.

Hos oss vil du møte kollegaer som:
• Stiller opp for kvarandre
• Deler kunnskap og erfaring
• Bidreg til eit miljø med openheit og takhøgd

Vi jobbar tett i team – sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar, studentar og andre faggrupper – og vi er opptekne av at du aldri skal stå åleine.

Samtidig er dette ein klinikk med tempo. Det skjer mykje, og vi likar det slik.

 

Ein klinikk med stor breidde

Kirurgisk klinikk består av følgjande fagområde: gastrokirurgi, urologi, karkirurgi, plastikkirurgi, bryst- og endokrinkirurgi og brannskadebehandling. Vi har fleire sengepostar, poliklinikkar, elektivt mottak/dageining og ei intensivening for brannskadar. Stor breidde inneber også store pasientvolum.

Kirurgisk klinikk i tal (2025):

  • 17 000 einingsopphald
  • 66 000 polikliniske konsultasjonar
  • 9 500 døgnopphald
  • 33 000 unike pasientar
  • 3,76 gjennomsnittleg liggjetid

Dette betyr at du kan finne eit fagområde som passar den faglege interessa di, men også den måten du liker å arbeide på.

 

Kva jobbar sjukepleiarar med hos oss?

På sengepost

Som sjukepleiar på sengepost jobbar du tett på pasientane i den pre- og postoperative fasen.

Arbeidskvardagen vil mellom anna innebere:
• grunnleggjande pleie og pasientundervisning
• observasjon og oppfølging av pasientar etter kirurgi
• smertelindring og symptomvurdering
• førebygging og oppdaging av postoperative komplikasjonar
• sår, dren, stomi og mange andre sjukepleiefaglege prosedyrar
• tett kommunikasjon med pasientar og pårørande
• tett kommunikasjon med teamleiar og kirurgar

Hos oss jobbar vi for at sjukepleiarar skal bli gode på å gjere sjølvstendige observasjonar og prosedyrar. Samtidig er ein alltid ein del av eit større kirurgisk team – og støtte og samarbeid er ein naturleg del av arbeidskvardagen.

Det mange opplever som særleg givande ved kirurgisk sjukepleie, er nettopp kombinasjonen av:
• pasientnær sjukepleie
• praktiske og konkrete problemstillingar
• behov for klinisk blikk og prioritering
• moglegheita til å utgjere ein tydeleg forskjell i pasientforløpet

 

I poliklinikk

Sjukepleiarrolla i poliklinikk er annleis enn på sengepost – og passar godt for deg som liker sjølvstende og ei fordjuping i faget.

Her kan arbeidskvardagen mellom anna innebere:
• sjukepleiekonsultasjonar og nokre stader utgreiingskonsultasjonar
• pasientførebuingar og assistanse før, under og etter behandling
• telefonkonsultasjonar
• arbeid med pasientar i pakkeforløp for kreft
• tverrfagleg samarbeid

I fleire av våre poliklinikkar blir det også utført meir avanserte prosedyrar og polikliniske operasjonar, noko som gir ein spennande og fagleg variert arbeidskvardag.

 

Kven trur vi vil trivast hos oss?

Vi ser etter sjukepleiarar som ønskjer å bidra med eit fagleg engasjement for pasientar og pårørande. Arbeidsmiljøet ein jobbar i og sjølv er med å skape har ein stor innverknad på kvaliteten i pleia som blir gitt.

Du vil sannsynlegvis trivast hos oss dersom du:

• innehar ein genuin omsorg for pasientar og pårørande
• liker å jobbe tett med menneske
• kommuniserer godt og samarbeider godt
• tør å seie frå og tek sjukepleiefagleg ansvar
• trivst med tempo og variasjon

 

Ein jobb på sengepost passar ofte godt for deg som liker klinisk observasjon, samarbeid og pasientnær sjukepleie i ei akutt eller kritisk krevjande tid for pasientar og pårørande.


Ein jobb i poliklinikk passar godt for deg som liker fagleg fordjuping og som ønskjer å gjere ein forskjell, sjølv ved korte pasientmøte. Her kombinerast sjølvstendig arbeid med arbeid i tett samarbeid med legane.

 

Må du ha erfaring frå kirurgiske fagfelt?

Nei.

Hos oss er både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar velkomne. Det viktigaste er at du har interesse for fagfeltet, lyst til å lære og motivasjon for å bidra.
Vi ønskjer særleg å rekruttere sjukepleiarar som ser for seg at Kirurgisk klinikk kan vere ein stad å utvikle seg og bli verande over tid.

 

Opplæring og oppfølging

Vi er opptekne av at du skal få ein trygg og god start hos oss.

Derfor får du ikkje berre opplæring i dei første vekene, vi har også vidare oppfølging over tid. På sengepostane inneber dette mellom anna oppfølgingsdagar saman med fagsjukepleiar, slik at vi kan fange opp kompetansebehov tidleg.

Som nytilsett vil du få tydelege forventningar til arbeidsutføring og kompetanseutvikling. Samtidig har vi også tydelege forventningar til oss sjølve som leiarar: at vi skal vere inkluderande, opne og omsorgsfulle.

 

Kva utviklingsmoglegheiter finst hos oss?

Hos oss skal du kunne utvikle deg vidare – både i rolla du har, og i nye retningar etter kvart.

Etter noko erfaring i sengeposten kan det bli aktuelt med roller som:

  • teamleiar
  • rettleiar
  • vaktleiar

Etter noko erfaring frå fagfeltet og i poliklinikken kan det bli aktuelt med roller som:

  • rettleiar
  • forløpskoordinator

 

Arbeidstid og fleksibilitet

Vi veit at arbeidstid og livssituasjon betyr mykje når ein vurderer ny jobb.

I vår klinikk har vi moglegheiter for: dagtidsarbeid, todelt turnus, tredelt turnus, nattevakt og langvakter. Moglegheitene vil variere noko mellom dei ulike seksjonane våre.

Vi er som arbeidsgivar opptekne av å vere så fleksible som mogleg innanfor rammene vi har. Vi trur på ein arbeidskultur der fleksibilitet byggjer på gjensidigheit. Det betyr at vi som arbeidsgivar ønskjer å vere rause og imøtekomande når tilsette har behov for fleksibilitet. Samtidig forventar vi at tilsette også viser fleksibilitet når arbeidskvardagen krev det. For oss handlar dette om felles ansvar, god dialog og ei forståing av at vi lukkast best når vi stiller opp for kvarandre.

 

Våre sengepostar

  • Kirurgisk klinikk post 1 Nord
    Gastrokirurgisk sengepost med kirurgi knytt til tjukktarm, endetarm og blindtarm.
    20 senger i vekedagar / 14 i helg
  • Kirurgisk klinikk post 1 Vest
    Gastrokirurgisk sengepost med kirurgi knytt til pankreas, lever og galleblære, med meir.
    20 senger i vekedagar / 14 i helg
  • Kirurgisk klinikk post 3
    Gastrokirurgisk sengepost med kirurgi knytt til tjukktarm, spiserøyr og ventrikkel, med meir.
    20 senger i vekedagar / 14 i helg
  • Kirurgisk klinikk post 2
    Sengepost for urologi samt bryst- og endokrinkirurgi.
    26 senger i vekedagar / 20 i helg
  • Kirurgisk klinikk post 4
    Sengepost for karkirurgi og plastikkirurgi.
    22 senger i vekedagar / 16 i helg

Alle våre sengepostar tek imot pasientar både planlagt og ved øyeblikkeleg hjelp. Vi har eit tett samarbeid mellom postane, og vi hjelper kvarandre på tvers – både når det gjeld bemanning og sengekapasitet.

 

 

Våre poliklinikkar og andre einingar

  • Urologisk poliklinikk : Her møter du pasientar med urologiske problemstillingar til utgreiing, oppfølging eller behandling.
  • Gastro- og karkirurgisk poliklinikk. Her møter du pasientar med både kar- og gastrokirurgiske problemstillingar til utgreiing, oppfølging eller behandling / mindre inngrep.
  • Bryst- og endokrinkirurgisk poliklinikk. Her møter du pasientar med bryst- og endokrinkirurgiske problemstillingar til utgreiing, oppfølging eller behandling / mindre inngrep.
  • Plastikkirurgisk poliklinikk. Her møter du pasientar med plastikkirurgiske problemstillingar til utgreiing, oppfølging eller behandling / mindre inngrep.
  • Elektivt mottak og dageining. Her kjem alle våre elektive pasientar før kirurgi, uavhengig av fagfelt. Pasientane går gjennom førebuingar, anestesivurdering, sjukepleiesamtalar og samtalar med kirurg. I tillegg har eininga dagpasientar til ulike planlagde prosedyrar og behandlingar.
  • Dette er vår intensivening for brannskadar. Seksjonen har ein nasjonal funksjon, og tek imot dei mest avanserte og hardest ramma brannskadepasientane frå heile landet. Her arbeider det primært intensivsjukepleiarar, men også nokre sjukepleiarar. Ein karriereveg hit kan til dømes starte ved plastikkirurgisk sengepost eller poliklinikk.

 

Velkomen til Kirurgisk klinikk: Sterke fagfolk. Sterkt fellesskap!