Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Karkirurgi

Ved Avdeling for karkirurgi blir pasientar som har sjukdommar i  blodårene (pulsårer og vener) undersøkt og behandla. Ofte dreier det seg om trange og tette pulsårer (åreforkalkning) eller utviding av pulsårene (aneurisme). Typiske tilstander som behandlas hos oss er sjukdom i hovudpulsåra,  halspulsårer og pulsårer til beina. Vi behandler blodåresjukdom i alle område utanom hjartet. Avdelinga behandler og pasienter med sjukdom i venene.

Hos oss blir pasientar som har sjukdommar i blodårene undersøkt og behandla. Vanlegvis dreier dette seg om tette blodårer (åreforkalking) eller utviding av blodårene (aneurisme).

Nokon eksempel på plager og symptom som blir utgreidd ved avdelinga: 

  • Symptom frå halspulsåre som forbigåande blinding eller drypp
  • Symptom på nedsett sirkulasjon i beina som sår eller smerte ved gange
  • Åreknutar
  • Utposing på blodkar

Utgreiing

For å bedømme blodsirkulasjonen til føtene blir blodtrykket målt i ankelnivå. Tronge parti eller utviding av blodårene kan påvisast ved bruk av ultralyd. Dersom det er ønskjeleg å få eit objektivt mål på kor langt pasienten kan klare å gå blir det brukt ei tredemølle.

Før ein eventuell operasjon blir det vanlegvis utført ei røntgenundersøking av blodårene med bruk av kontrast.

Kontroll

Alle pasientar som har gjennomgått ein operasjon eller har vore til utblokking på radiologisk avdeling (røntgen) kjem til kontroll ved poliklinikken.

Rettleiing

Nokre pasientar treng støtte og rettleiing i korleis dei kan leve med plagene sine på best muleg måte og dermed også hindre at sjukdommen blir verre. For pasientar som røyker vil det aller viktigaste vere å slutte. Avdelinga har ein del informasjonsmateriell som gir gode råd for den som vil endre sine røykevanar.

Sjukepleiarane og kirurgane på poliklinikken informerer og rettleier pasientar i forhold til stell av sår, mosjon og røykeslutt.

Karkirurgisk poliklinikk driv med utgreiing, behandling og kontrollar av pasientar med sjukdommar/plager i blodårene.

Alle pasientar som kjem til poliklinikken er tilvist av primærlege/lege eller anna sjukehus. Poliklinikken sender brev direkte heim til pasienten om tid, stad og kva undersøkingar ein eventuelt skal gjennomgå.

I innkallingsbrevet ditt er det kryssa av for dei aktuelle undersøkingar som skal utførast. Det kan bli noko ventetid avhengig av antall undersøkingar som skal utførast.

Få oversikt over timeavtalane dine på nett.

Endring av time

Treng du å endre tildelt time ringjer du poliklinikken for ny avtale. Du kan også logge inn for å endra time på nett. Gje beskjed så tidleg som mogeleg, det gjer poliklinikken anledning til å utnytta sin kapasitet best mogeleg. Ved avbod same dag må det betalast eigendel.

Utgreiing

Etter at diagnose er stilt vurderer legen om ein vil ha nytte av kirurgisk behandling. Viss det blir planlagt operasjon vil ein del nødvendige undersøkingar bli gjort på førehand på poliklinikken.

Undersøkingar som utførast på poliklinikken

  • Tredemølletest
  • Ultralydundersøkingar av blodårer
  • Blodtrykk- og tåtrykksmålingar

Behandling

På poliklinikken utførast det operasjonar og inngrep i lokalbedøving.

Kontroll

Det er ein kirurg som vurderer om pasientar treng oppfølging på poliklinikken etter utskriving frå sjukehuset. Nokre opererte pasientar blir gjerne ønska inn til kontroll ein periode, andre går til kontroll hos eigen lege.

Kontrollar som utførast på poliklinikken

  • Sårkontrollar
  • Systematiske kontrollar etter operasjonar

Det er felles ekspedisjon for poliklinikkar ved Kirurgisk klinikk.

Telefon 55 97 28 42 

Opningstid - poliklinikk: Måndag-fredag, kl. 08.00-16.00

Brukarar med kroniske/ alvorlige sår kan søkje HELFO om å få dekka utgiftar til bandasje materiell.

Kva skal til for at du får dekka utgiftene?

Legen må bekrefte at:

  • Du har kroniske og alvorlige sår og fistlar – som for eksempel kreftsår, trykksår (liggesår), venøse leggsår, diabetiske sår og arteriosclerotiske sår.
  • Behovet for materiellet må vare minst tre månader i løpet av eit kalenderår.
  • Materiellet må være kjøpt på apotek eller hos bandasjist.
  • Det ikkje er heimesjukepleie som steller såra.
  • Om såra blir stelt av heimesjukepleie, er det kommunen som skal dekke utgiftene – og du kan ikkje søke HELFO om dekning av disse utgiftene.

Brukarar som får godkjent refusjon betaler eigendel. På beløp overstigande dette, dekker HELFO 90 prosent og bruker 10 prosent. Denne eigendelen inngår ikkje i frikortordninga for helsetenester.

Første gang du søker om slik dekning, er det vanlegvis legen som fyller ut skjemaet «Søknad om bidrag til bandasjemateriell og medisinsk forbruksmateriell» (pdf) 

Dersom søknaden blir godkjent, vil du få tilsendt eit vedtak i posten frå HELFO. Dette vedtaket gjeld for eit kalenderår av gongen.

Utgiftene dine blir dekka ved at du fyller ut og sender inn skjema. «Kvitteringsskjema for utgifter som kan dekkes etter folketrygdloven» (pdf) 

  • Krav om refusjon skal setjas fram innan 6 månader året etter du hadde utgifta. Dvs. innan 30. juni påfølgjande år. Det er krav til original og spesifisert kvittering.

  • Søknaden sendes det HELFO-kontor brukaren er tilknytt

  • Dersom ein ikkje er i stand til å betale eigenandel sjølv, kan det søkjast om dekning til bidrag for dette hos HELFO

For utfyllande informasjon - sjekk dine pasientrettar på helsenorge.no

Avdelinga er ei av fem fagavdelingar i Kirurgisk klinikk. Her finn du informasjon om organisasjon og leiinga ved karkirurgisk avdeling.

Avdelingssjef: Espen Gubberud 

Sengepost Karkirurgi Avdelingssjukepleiar Siri Erstad 

Karkirurgisk poliklinikk/avdelingssjukepleiar:  Lene Lønnheim

Kontakt

Poliklinikk -

  • Måndag 08:30 - 15:00
  • Tysdag 08:30 - 15:00
  • Onsdag 08:30 - 15:00
  • Torsdag 08:30 - 15:00
  • Fredag 08:30 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Innleggelsestelefon - 55 97 34 16, mån-tor (stengt fredag) kl. 10.00-11.30 og kl. 13.00-14.00</br>Sengepost - 55 97 35 50

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kirurgisk ekspedisjon i  5. etasje i Sentralblokka.

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

      FRAM

      FRAM er ein metode for å arbeide med åreforkalking i beina, såkalla røykebein (claudicatio intermittens). FRAM består av fire hovudemne: Førebygging, Røykeslutt, Aktivitet og Mat.
      Sjå videoar om FRAM-metoden
      Kvinnelig helsepersonell står foran turkis bakgrunn med bilder av tomater, melon, laks og gryterett med ris. Foto

      Informasjon til deg som er bypass-operert

      Ved bypass-operasjon blir ei ny blodåre lagt forbi området som er tett. Å lage ein bypass blir gjort for å betre blodsirkulasjonen til aktuelt område med dårleg blodtilførsel.
      Les meir
      Smilende sykepleier. Foto

      Til deg som skal til planlagt operasjon

      Vi ønskjer at du skal vere best mogleg orientert om det som skal skje med deg under opphaldet. Vi har derfor samla ein del informasjon til deg som skal til planlagt operasjon hos oss.
      Meir informasjon om planlagt operasjon (pdf)
      Gastro_og_akuttkirurgi_operasjon4.jpg

      Korleis kome seg opp av senga etter operasjon?

      Når du er nyoperert kan det vere vanskeleg å kome seg ut av senga utan å bruke magemusklane. Sjå video for gode teknikkar.
      Sjå video
      Sykepleier hjelper pasient ut av sengen. Foto