Normale reaksjonar ved alvorlege hendingar - råd og hjelp
Her finn du informasjon om normale reaksjonar ved alvorlege hendingar, kva hjelpetilbod vi har til deg som er pasient eller pårørande, og nokre gode råd du kan ta med deg inn i kvardagen.

Informasjon om helsetilstanden til pasienten
Dersom du som pasient eller næraste pårørande har spørsmål om skaden/sjukdommen, behandlinga, eller plan for vidare oppfølging, skal du ta kontakt med sjukepleiar på den avdelinga der pasienten høyrer til. Sjukepleiaren kan gje deg nødvendig informasjon, eller ta med spørsmåla dine til legen.
Pårørande
Mange veit lite om kva reaksjonar som er vanlege etter å ha vore utsett for ei alvorleg hending. Pårørande eller andre som ikkje sjølv var utsett for hendinga, kan av og til bli urolege på grunn av dei sterke reaksjonane som kjem. Når ein kjenner til kva som er normale reaksjonar, blir det ofte lettare å akseptere både reaksjonane hos den som er skadd og nære pårørande.
Pasient
For den som har vore utsett for ei alvorleg hending er det normalt å reagere slik det er beskrive her. Vanlegvis blir reaksjonane svakare etter kvart som ein får tid til å tenkje over, forstå og bearbeide det ein har vore utsett for. Minna vil komme sjeldnare etter kvart, og bli mindre plagsame enn dei var den første tida.
Akutt reaksjonar
Uverkelegheit
I den første tida etter hendinga har mange ei kjensle av uverkelegheit. Ein veit at hendinga har skjedd, men den kjennest likevel uforståeleg. Mange beskriv ei kjensle av indre tomheit og kjenner seg nomen. Det kan av og til vere vanskeleg å hugse vesentlege delar av det som hende. Men etter kvart som tida går blir hendinga tydelegare, og då kjem ofte dei sterkaste reaksjonane.
Påtrengande minne/bilete
Det er vanleg at ein i tankane vender tilbake til det som hende, om ein vil eller ikkje. Minne i form av syner/bilde kan opplevast så verkelege at ein kan få ei kjensle av å vere tilbake i hendinga igjen. Slike påtrengande minne kan komme tilbake både når ein søv eller er vaken, eller i overgangen mellom søvn og vaken tilstand.
Indre uro og sårbarheit
Ei sterk indre uro og kjensle av sårbarheit er vanleg. Desse kjenslene kan bli sterkare og meir plagsame i ei tid framover, parallelt med at ein gjenopplever det som har hendt. Det kan ofte vere vanskeleg å la vere å tenke på dei ubehagelege opplevingane.
Den indre uroa kan føre til at ein blir rastlaus og får problem med å sitte stille. og konsentrere seg. Nokre blir meir utolmodige og irritable, andre får problem med å gjere noko som helst.
Kroppslege reaksjonar
Det er vanleg å ha kroppslege reaksjonar som skjelvingar, sveittetokter, hovudverk, svimmelheit og ei kjensle av å skulle svime av. Mange har dårleg matlyst, kjenner seg trøytte, har spenningar og smerter i musklar i bryst, skuldrer og nakke.
Katastrofekjensle
For mange blir tryggleiken i livet rasert når ein har vorte utsett for ei alvorleg hending. Ein del blir meir vaktsam, og skvett ved kvar minste lyd. Den ubehagelege kjensla av uro og redsle kan etter kvart føre til at ein blir redd for at det igjen skal skje noko katastrofalt eller ubehageleg, eller at nokon i familien skal bli sjuke eller døy. Barn blir gjerne meir «klengete» og har større behov for nærleik.
Søvnproblem og mareritt
Det kan vere vanskeleg å sove – og rett før ein sovnar kan dei ubehagelege minna dukke opp i tankane. Søvnen blir uroleg og det er ikkje uvanleg å vakne ofte og tidleg. Nokre opplever at hendinga blir gjenteken i form av mareritt – eller får mareritt om andre situasjonar.
Mange erfarer at ein blir mindre plaga av søvnløyse og mareritt med tida. Søvnproblema vil som regel minke når ein får betre grep om det ein faktisk har vorte utsett for. Det kan hjelpe å snakke med nokon om det som har hendt.
Dersom søvnen held fram med å vere svært dårleg over lengre tid, kan ein bli sliten og irritabel. Det kan då vere verdt å vurdere å få noko å sove på. Men det er viktig å syne varsemd når det gjeld bruk av sovemiddel. Dette kan du diskutere med legen din.
Overlevingsangst og skuldkjensle
For nokre kan det kjennest svært ubehageleg å sjølv ha overlevd- å vere uskadd, medan familiemedlemmer, venner eller kollegaer blei skada eller omkom. Det kan gi skuldkjensle, og føre til at ein ikkje tillèt seg sjølv å vere glad over at ein sjølv har overlevd. Kjensle av skuld kan også komme når ein har vore vitne til ei alvorleg hending og byrjar gruble på om ein kunne gjort noko for å forhindre hendinga.
Forholdet til andre blir påverka
Sinne og irritasjon er vanlege reaksjonar. Sinne kan rette seg mot nære og kjære utan at ein meiner det, noko som igjen forsterkar skuldkjensla. Nokre kjenner behov for å trekke seg unna og vere åleine. Andre klarer ikkje einsemda fordi det gjer at dei blir heilt overlatne til sine eigne tankar og kjensler.
Spørsmål om meininga med livet
Når ein har vore utsett for ei alvorleg og vanskeleg hending, er det svært vanleg at ein byrjar å fundere over mål og meining med livet. Ofte gjer ein nye vurderingar av det ein tidlegare oppfatta som sjølvsagt.
Nokre enkle råd
Her er tiltak som vi av erfaring veit kan hjelpe deg vidare etter ei alvorleg hending.
Snakk med andre
Snakk med dine næraste, men gjerne og – om mogleg – med andre. Det kan for eksempel vere andre som har vorte utsett for det same eller liknande hendingar. Sjølv om det er vanskeleg å fortelje, og du opplever at kjenslene «blir rivne opp att“, er det likevel oftast eit gode, og av og til heilt nødvenig, for å kome seg gjennom opplevinga på ein god måte.
Ved å gå gjennom hendinga fleire gonger i samtale med andre, får ein betre grep om det som hende, og dermed blir ein mindre plaga av mareritt og påtrengande minne. Nokre har også stor nytte av å skrive ned sine eigne minne og tankar om hendinga.
Besøk staden der det skjedde
Nokre kan bli redde for å besøke staden der hendinga skjedde. Det kan ofte hjelpe å vende tilbake til denne staden så raskt som mogleg, saman med nokon ein kjenner seg trygg på.
Barn og ungdom
Barn og ungdom har ikkje same evne som vaksne til å tolke eller forstå opplevingane sine i samband med ei alvorleg hending. Det vil vere til god hjelp for dei at:
- vaksne er tilgjengelege for spørsmål og undringar
- vaksne fortel om det som hender og har hendt
- dei kjem raskt tilbake til kvardagslege rutinar og vanlege aktivitetar
- vaksne gjer morosame ting saman med dei
Det er bra med aktivitet og arbeid
Fysisk aktivitet hjelper mot indre stress. For dei aller fleste er det og ein klar fordel å komme tilbake i arbeid så raskt som mogleg. Det er ofte ein god måte å vende tilbake til kvardagen igjen. Den første tida rår vi deg til å ikkje stille så høge krav til deg sjølv og arbeidskapasiteten din.
Søk hjelp
Av ulike grunnar kan reaksjonane bli så sterke- plagsame- og langvarige, at ein ikkje kjem i gang med sitt normale liv igjen. Sjølv om desse reaksjonane kjem etter utskriving frå sjukehuset, kan både pasient og pårørande ha behov for hjelp. Da rår vi deg til å ta kontakt med fastlegen din. Dersom det viser seg at du treng meir hjelp kan legen vise deg til spesialisthjelsetjenesten.
Tilbod til pasientar og pårørande
Preste- og samtaletenesta
Tenesta har lang erfaring og høg kompetanse i å samtale med menneske i kriser og krevande livssituasjonar. Tenesta tilbyr samtale med pasient og pårørande, uavhengig av livssyn. Kontakt med preste- og samtaletenesta blir formidla av personalet på avdelinga der pasienten høyrer til, eller ein kan bli sett i kontakt med tenesta ved å ringe sentralbordet på sjukehuset.
Sosionomtenesta
Tenesta arbeider for å ivareta pasientar og pårørande sine behov og interesser. Skade/sjukdom kan gi utfordringar og endringar i livssituasjonen. Sosionomen kan gi rettleiing, råd og informasjon, formidle kontakt med andre instansar, og bistå med søknadar.
Alle pasientar, anten dei er på sengepost-, dagavdeling- eller poliklinikk, kan be om å bli tilvist til sosionom. Tilbodet gjeld også for deira pårørande. Ta kontakt med personalet på avdelinga/poliklinikken og be om tilvising til sosionom.
Barn som pårørande
Når mor, far eller søsken er alvorleg skadde eller sjuke, har det innverknad på barna og familielivet. Helsepersonell har plikt til å ivareta barna sine behov for informasjon og oppfølging når foreldre eller søsken er sjuke. Spør gjerne sjukepleiar på avdelinga dersom du har spørsmål om avdelinga sine rutinar for oppfølging av barn som pårørande.
Konsultasjonstenesta for barn og unge
Tenesta består av psykologspesialistar og barnepsykiater. Dei kan tilby samtale med barn og unge (0-18 år) som har opplevd alvorlege hendingar og treng hjelp til å behandle hendelser. Lege på avdelinga der barnet høyrer til, kan tilvise til Konsultasjonstenesta. Ved behov for oppfølging frå andre hjelpeinstansar kan tenesta hjelpe til med å opprette kontakt.
Lokale kriseteam
Kommunar i Noreg har ulike hjelpetilbod til sine innbyggjarar som blir råka av kriser og alvorlege hendingar som til dømes ved samlivsbrot, ulykker, brå død og sjølvmord. Personalet på avdelinga kan formidle kontakt med lokalt kriseteam, eller du kan sjølv ta kontakt med kommunen din, eventuelt via lokal legevakt.
Anbefalte nettstader for meir informasjon
www.traumepasient.no er ei brukarside for pasientar og pårørande av skadde. Der er informasjon om kva som skjer gjennom heile behandlingskjeden frå skadestad til rehabilitering. Her viser ein og til instansar som er nyttige for både pasientar og pårørande.
Pårørendesenteret.no er ein nettstad for deg som er pårørande. Her finn du kunnskap, tips og råd, historier frå andre pårørande, og oversikt over rettigheiter og hjelpetilbod.