AMK
Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) har som hovudoppgåve å ta i mot nødmeldingar til medisinsk nødtelefon (113). I dette ligg også igangsetting og oppfølging av aksjonar. AMK mottar ca. 45.000 telefonar til 113 per år. Vidare mottar AMK melding om alle akutt hjelp-innleggingar (ØH) til somatiske avdelingar i Helse Bergen. AMK er eit viktig kommunikasjonsknutepunkt, særleg for publikum, men også mot ambulansetenesta og helsevesenet elles. AMK er bemanna av sjukepleiarar og ressurskoordinatorar heile døgnet.