Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Pilotering av

Prehospital Vurderingseining i Bergen

Helse Bergen og Bergen kommune piloterer saman ei teneste kalla for "Prehospital Vurderingseining (PVE)" i perioden 7. september 2026 - 7. mars 2027. Piloten er i hovudsak finansiert av samhandlingsmidlar frå helsefellesskapet.

En mann i grønn uniform og en kvinne i rød uniform står ved siden av en gul bil det står vurderingsenhet på
KI-generert bilete av utrykkingskøyretøyet og delar av PVE-teamet, som består av lege, paramedisinar og PVE-koordinator.

Målet til prosjektet er å gjere helsetenestene i dei akutte hendingane utanfor sjukehus meir samanhengande og betre for pasientane, og redusere skiljet mellom spesialisthelseteneste og primærhelseteneste. Det er helsehjelpa som skal vere det viktige, ikkje forvaltningsnivået som yter den.

 

Basert på erfaringar frå Danmark har Akuttmedisinsk avdeling ved Helse Bergen saman med Bergen kommune / Bergen legevakt fått midlar til å teste ut konseptet Prehospital Vurderingseining. For våre pasientar kan det bety meir hjelp heime i akutte situasjoner, og mindre belastande transportetappar i sjukebil. For tenestene betyr det mindre pressa arbeidskvardag, meir kapasitet i ambulanseteneste, legevakt og akuttmottak. Dette betrar beredskap og aukar tilgongen på sjukebilar til dei som treng det mest.

 

Kva er viktig å vite som pasient?

  • Dette er ei trygg teneste med mål om gje deg best mogleg behandling. Tenesta er ikkje ein erstatning for ordinær ambulanseteneste, med eit tillegg til denne i situasjoner der behandling heime framstår meir skånsomt, meir føremålstenleg og betre for deg som pasient
  • Dersom du opplever at tilstanden forverrar seg, skal du følgje råda du får på telefon eller ved besøk av PVE og kontakte helsetenesta igjen. Tommelfingelregelen er:
    - Akutt fare for liv og helse: 113
    - Opplevd forverring av helsa: 116 117
    - Manglande betring eller behov for meir oppfølging: Fastlege
Sist oppdatert 25.08.2026