Ressursteam AMA

Ressursteam i Akuttmedisinsk Avdeling

Akuttmedisinsk avdeling starta i 2025 med ressursteam i ambulansetenesta. Formålet med ressursteamet er å sikre stabilitet og få vakter dekkja ved akutt fråvere.

En gul skolebuss
Ressursteamet vil arbeide i heile ambulansetenesta i Helse Bergen

Dei tilsette i ressursteamet jobbar i ambulansetenesta på lik linje med anna ambulansepersonell i avdelinga. Dei har same oppgåver, og har faste stillingar med fast oppmøtestad i Åsane ambulansestasjon. Dei arbeider etter ein fast turnus med arbeid kvar tredje helg, og det er kun dagtidsarbeid. Kurs og fagtimar vert lagt i turnus som for alle ansatte i avdelinga.

 

Korleis jobbar ressursteamet?

Ressursteamet er meint å dekkje opp for akutt fråvere i heile ambulansetenesta, og det er derfor naturleg at ein arbeider ved alle ambulansestasjonar i avdelinga. Sidan ein følgjer ein fast turnus som er bygd på 12-timarsvakter, er det først og fremst aktive stasjonar som vert aktuelle.

 

Dei tilsette i ressursteamet får beskjed dagen før eller same dag om kor ein skal arbeide den aktuelle vakta. Dei kan då velje å møte direkte dersom det er mest hensiktsmessig, men i utgangspunktet møter dei i Åsane ambulansestasjon og kan køyre med reservebil til rett stad eller verte plukka opp av makker. Som hovudregel er ein tilbake i oppmøtestasjon når vakta er slutt.

 

Kva er fordelane for teammedlemmene?

Fordelane kan vere fleire. Ein får brei kjennskap til heile ambulansetenesta, og kan få variasjon i oppdragsprofil og belastningsgrad frå stasjonar med høg aktivitet til stasjonar med mindre aktivitet. Ein får prøvd ulike arbeidsmiljø og kan bidra til å knyte band mellom dei ulike ambulanseseksjonane, og ta med seg det beste frå alle arbeidsmiljø vidare i tenesta.

 

For dei som ønskjer å sleppe nattevakter, er desse stillingane ideelle då dei ikkje har nattevaktar i turnus.

 

Raske fakta om ressursteamet

  • Arbeidsstad: Heile ambulansetenesta, ein vert plassert etter behov

  • Oppmøtestad: Som hovudregel er Åsane ambulansestasjon oppmøtestad

  • Organisering: Ressursteamet vert organisert under Ambulanse seksjon Nord, og har sin næraste leiar der

  • Arbeidstid: Dagtid og kvar tredje helg

  • Oppgåver: Som for ambulansetenesta elles

  • Kompetanse: Som for ambulansetenesta elles
Sist oppdatert 05.05.2025